Omvising i utstillinga Gullkorn på Arkeologisk museum


Kvar sundag kl. 12 kan du bli med på familietilbodet Tidsreisa – ei vandring gjennom forhistoria. Sundag, 17. februar, kl. 14 blir det også omvising i utstillinga Gullkorn. For studentar og tilsette ved UiS er det fast, fri entré på museet.

Med familietilbodet Tidsreisa byr vi på ei reise frå steinalderen til middelalderen med forskjellige aktivitetar. Du kan prøve å spinne tråd med handtein, lage eld med eldstål, skjere i skinn med flintkniv, kjenne tyngda av hjelm og skjold, skrive runer og endå meir!

Guten i Vistehola
Kven var eigentleg Visteguten? På Arkeologisk museum kan du bli betre kjent med guten som budde i Vistehola for 7500 år sidan.

Lyden av bronselurane bringar oss til bronsealderen. Høyr om bondekultur og soldyrking i bronsealderen. Museumsformidlaren vil fortelje om då vikingane gjekk til blodig åtak på Lindisfarne kloster. Vår ferd sluttar i middelalderen. Du får høyre om då landet blei kristna, om middelalderbyane og om korleis nye skikkar og lovar tredde i kraft.

Kunst og vitskap
Kl. 14, sundag 17. februar blir det omvising i utstillinga Gullkorn. Den viser kunstnar Barbro Raen Thomassens skulpturar av forstørra frø. Skulpturane huggar ho ut i kalkstein og vakre, myke former trer fram. Skulpturane er frå 15 x 20 x 10 cm store og dermed lar kunstnaren oss få beundre noko vi elles ikkje får auge på.

På banner i utstillinga kan du lese om forskinga på botanikk som går føre seg på museet. Her jobbar det nemleg botanikarar som studerer korn ein finn i utgravingane. Slik får vi vite meir om kva folk har ete og dyrka før i tida.

Eksploderande frukter
Vitj også vår frølab. Visste du at det raskaste frøet i verda blir skutt av garde med ein fart på 240 km/t? Det er frøa til dei eksploderande fruktene til Hura crepitans, Sandbox tree. Dei minste frøa som finst er tropiske orkidéfrø, som veg 0,81 mikrogram. Og dei største frøa i verda er dobbelkokosnøtt, som veg heile 30 kg.

I frølaben er det frø du kan sjå på i mikroskop, kverne, kjenne på, du kan identifisere forskjellige frø, det er frø som luktar og frø som smakar.

Studentar og tilsette ved UiS har fri entré på museet.

Nyt kaffi og påsmurt i vår museumskafé. Gåvebutikken er open.
Opningstider: tysdag 11.00–20.00, onsdag – laurdag 11.00–15.00, sundag 11.00–16.00, måndag stengt.


Sist oppdatert av Ida Gudjonsson (13.02.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Vikingar - illustrasjon
På sundag kan du høyre om vikingane sine ferder.
Frøbord
Kva slags frø er dette? Studer vårt frøbord!
Frøskulptur
Utstillinga Gullkorn viser vakre skulpturar av frø. På biletet ser du frøet til blomen krokhals. Foto: Dannevigfoto AS

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER