Disputerer om saltvatn i oljereservoar


Aruoture Voke Omekeh (30) forsvarar sin doktorgrad innan petroleumsteknologi ved Universitetet i Stavanger torsdag 14. februar.

Avhandlinga hans har tittelen «Ein studie av lågsalinitets-effektar: eksperiment og modellering».

Injeksjon av vann har lenge blitt brukt for å forbetre produksjonen frå oljereservoar. I seinare år har injeksjon av vatn med lågt saltinnhald (lågsalinitetsvatn) blitt rapportert å gi høgare oljeutvinning enn vatn med høgt saltinnhald, under visse høve.

Betre forståing
Mekanismane for denne prosessen er framleis under debatt og ulike samanhengar har blitt foreslått i den vitskaplege faglitteraturen.

Omekehs avhandling inneheld simulering og eksperimentelt arbeid for å betre forståinga av mekanismane i såkalla flømming av reservoar med lågsalinitetsvatn. Avhandlinga søker også å forklare kvifor nokre slike flømmingar ikkje gjev auka oljeutvinning.

Forskinga bidreg til å gjere det mogleg å rekne ut potensialet for lågsalinitetsvannflømming i eit gitt reservoar ved hjelp av simuleringar.

Frå Nigeria
Omekeh er 30 år og kjem frå Delta State i Nigeria. Han har tidlegare studert til petroleumsingeniør ved universitetet i Benin i same land. No arbeider han som forskar på International Research Institute of Stavanger (IRIS).

Vegleiar på ph.d.-prosjektet var professor Steinar Evje ved Institutt for petroleumsteknologi. Medvegleiar var professor Ingebret Fjelde.

Prosjektet er gjort mogleg av stipend frå PETROMAKS-prosjektet «Low salinity water flooding of North Sea sandstone reservoirs», som er finansiert av Forskingsrådet, Statoil, RWE Dae, GDF SUEZ og DONG ENERGY.

 


Sist oppdatert av Elin Nyberg (20.03.2013)

Skriv ut artikkel print symbol