Vrien vurdering av elevar


Med boka ”Læringsrettet vurdering i praksis” tek førstelektor Lars Helle opp korleis læraren skal vurdere ein elev og kva som skal vurderast.

- Elevvurdering er eit samansett og spennande område. Dei nasjonale prøvane har mellom anna ført til ein ny diskusjon om kva læraren skal vurdere, seier Helle, som i august blei kåra til årets førelesar for andre gang av UiS-studentane.

Betre læring
Ifølgje Helle tek boka sikte på å vise korleis målretta og systematisk vurderingspraksis kan føre til at den einskilde eleven lærer betre. Boka tek i bruk ulike dømer og gir konkrete råd rundt forholdet mellom læreplan og vurdering, tilpassa opplæring, prøveutforming, oppdragande læringsformer og elevanes eigen deltaking i vurderinga.

- Målretta vurdering skal sørgje for at eleven får eit realistisk bilete av sin eigen faglege ståstad. Korleis kan elevvurdering brukast bevisst for å byggje opp eleven sitt sjølvbilete, spør Helle.

Ulike dilemma
Målgruppa er lærarar og leiarar i grunnskulen og i vidaregåande skule, samt studentar på lærarutdanninga. Boka tek for seg ulike sider ved vurderingsproblematikken.

- Boka kan brukast på ulike måtar. Den kan fungere som påfyll for lærarar som ønskjer å sette seg nærmare inn i vurdering som læringsstøtte. Lesaren får presentert ulike dilemma i ein slags skjønnlitterær form som dei kan reflektere over, seier forfattaren, som gir ut boka på Universitetsforlaget.


Sist oppdatert av Silje Stangeland (15.10.2007)

Skriv ut artikkel print symbol