Utfordrar dysleksiforskinga


- Det er urovekkande lite diskusjon og refleksjon rundt kjerneomgrepa i dysleksi-forskinga, hevdar førsteamanuensis Per Henning Uppstad ved Lesesenteret.

I artikkelen «The Notion of `Phonology` in Dyslexia Research: Cognitivism – and Beyond» tek Uppstad og medforfattar Finn Egil Tønnessen eit oppgjer med eit svært upresist og lite konkret fonologi-omgrep. I artikkelen konkluderer dei to UiS-forfattarane med at store delar av dysleksiforskinga er tufta på eit omgrep som inneheld alt og ingenting.

- Forskinga på dysleksi og lesing har lenge basert seg på det som har med lydsystemet i språket å gjere, såkalla fonologi. Og forskinga har vist at det er når desse lydane skal overførast til bokstavar at det ofte går galt for dyslektikarar, fortel Uppstad.

- Men i forskinga blir omgrepet brukt om alt frå lydar som kjem ut av munnen vår til lydbølgjer som kjem inn øyret. Mange forklarer også fonologi som noko som er medfødt og som ligg djupt inni oss. Omgrepet fonologi har ingen presis definisjon. Når forskarar bruker dette vage omgrepet til å forklare kva språkvanskar skuldast, får ein problem, seier Uppstad.

Artikkelen til Uppstad og Tønnessen kjem på trykk i tidsskriftet Dyslexia. An International Journal for Research and Practice 13, der redaktøren legg opp til diskusjon.

Ny definisjon
I artikkelen etterlyser Uppstad og Tønnessen ein meir sårbar teori. Dei meiner definisjonar bør behandlast som hypotesar som må justerast og utfordrast.

- I artikkelen hevdar vi at fonologi både blir brukt som symptom på og årsak til dysleksi. Den same tenkinga ligg også til grunn for det materialet som er blitt laga for å teste barn med dysleksi, seier han.

- Vi vil vekk frå grunnsetningane som er blitt repeterte igjen og igjen. I forskargruppa vår er vi nysgjerrige på kva moglegheiter som opnar seg om vi tenkjer annleis om desse spørsmåla. Kanskje treng vi ein annan måte å tenke språk på, undrar Uppstad, som meiner lese- og skriveforskinga i alle høve står overfor store utfordringar når det gjeld grunnlagstenking.

Stort paradoks
- Det er eit stort paradoks at forskarar konkluderer så sterkt rundt kva dysleksi og språkvanskar er, når omgrepet dei byggjer forskinga si på er vagt og uklart. Dei fokuserer gjerne på den delen av omgrepet som høver best til si forsking, seier han og held fram:

- Dermed blir omgrepet fonologi brukt på alle tenkelege vis. Forskingsmiljøa har til no ikkje vist interesse for å finne fram til ein meir konkret definisjon, seier Per Henning Uppstad.

Han samanliknar dysleksiforskinga med eit døme frå geometrien.

- Det er som om forskarane snakkar om trekantar, firkantar og sirklar som ein og same ting. Som tilhøyrarar veit vi aldri kva tolkingar vi får presentert. Når eit så grunnleggande omgrep som fonologi tolkast så ulikt av forskarane, kan vi stille spørsmål ved mykje av den forskinga som er gjort, seier han.

Skrift som spegelbilete
Ifølgje Uppstad har forskinga på språkvanskar hjå barn og vaksne i stor grad vore dominert av omgrep frå språkvitskapen. Sidan byrjinga av 1900-talet har språkvitskapen meint at skriftspråket berre er eit spegelbilete av talespråket.

- Tenkinga om språk som system har blitt adoptert inn i dysleksiforskinga utan ein gong å bli drøfta. Her har systemtenkinga til lingvistane gått føre interessa for korleis mennesket lærer seg språk, seier Uppstad og konstaterer:

- Forskinga på lese- og skriveprosessar i leseforskinga byggjer på den same tenkinga. Men mennesket sine språklege evner passar ikkje alltid inn i slike klart avgrensa system.


Sist oppdatert av Silje Stangeland (15.10.2007)

Skriv ut artikkel print symbol
Per Henning Uppstad
- Det er eit stort paradoks at forskarar konkluderer så sterkt rundt kva dysleksi og språkvanskar er, når omgrepet dei byggjer forskinga si på er vagt og uklart, seier forskar Per Henning Uppstad ved Lesesenteret.
DYSLEKSI
Dysleksi kjem til uttrykk som alvorlege vanskar med å avkode skrivne ord og stave dei korrekt. Vanskane synast å ha si forklaring i mangelfulle fonologiske funksjonar. (Kjelde: Dysleksiforbundet)