Automatisk ventil kan hindre utblåsing


Innføring av automatiserte ventilar kan gi auka tryggleik ved brønnspark på olje- og gassinstallasjonar. Det er blant konklusjonane i Liv Almås Carlsen sitt doktorgradsarbeid.

Carlsen forsvarte si avhandling innan bore- og brønnteknologi ved Universitetet i Stavanger den 8. februar.

Fleire alvorlige hendingar innan petroleumsindustrien dei siste åra, som utblåsinga på Deepwater Horizon i Mexicogolfen i 2010, har intensivert jakta på tiltak som kan forhindre slike hendingar.

Ei utblåsing er eit resultat av eit brønnspark som ikkje vert oppdaga eller handsama på godt vis. Eit brønnspark er ei uønskt strømming av formasjonsvæske eller gass inn i brønnen under boreoperasjonen.

Vanskeleg å kontrollere
For å sirkulere ut eit brønnspark på sikkert vis, nyttar boremannskapen ein ventil på returstrømmen. Trykket i brønnen kan kontrollerast med å justere ventilopninga.

I dag blir dette kontrollert ved at ein operatør justerer ventilen manuelt, samstundes som han held auge med visaren på eit trykkmanometer.

Dette er ei vanskeleg oppgåve for operatøren, fordi trykkresponsen i brønnen kan vere sterkt forsinka etter justering av ventilopninga. Spesielt i stressa situasjonar, som kan oppstå under handsaming av et brønnspark, vil det vere auka fare for menneskelege feil.

Meir nøyaktig
I forskinga si har Carlsen sett på ulike metodar for å automatisere denne prosessen ved bruk av moderne reguleringsteknikk. Ho har funne ut at eit datastyrt system kan bruke ulike modellar av prosessen, slik at styringa blir meir nøyaktig.

Arbeidet hennar introduserer også ein ny metode for kontinuerleg, automatisk evaluering av eigenskapane til boreslammet ved bruk av differensialtrykksensorar.

Forskar på IRIS
Carlsen er 33 år og frå Bergen. Til dagleg arbeider ho som forskar på International Research Institute of Stavanger (IRIS).
Under doktorgradsarbeidet har ho hatt professor Rune W. Time ved UiS som vegleiar.

Forskinga er finansiert gjennom forskingsprosjektet eForce Laboratory for Automated Drilling processes (eLAD) hos IRIS, og er støtta av Noregs Forskingsråds PETROMAKS-program, i tillegg til oljeselskapa Statoil og ConocoPhillips.

Institutt for energiteknikk (IFE) og Christian Michelsen Research (CMR) har òg vore med i forskingsprosjektet.

Carlsen si avhandling har tittelen Automatiserte prosedyrar for brønnkontroll og kan fåast på universitetsbiblioteket


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (11.04.2013)

Skriv ut artikkel print symbol