Vedtak på styremøtet 28. november 2012


Fleire viktige økonomisaker vart behandla på styremøtet onsdag 28. november. I tillegg blei eit nytt forskingssenter, Center for IP-based Service Innovation (CIPSI), etablert.

Statsbudsjettet for neste år er lagt fram, og konsekvensane for UiS blei diskutert på møtet. Ei eiga sak om justert førebels utdeling av statleg finansiering i 2013 blei også diskutert.

I tillegg la universitetsdirektøren fram ei sak om status for prosjektet Balansert omstilling for utvikling.

Kvalitet og etikk
UiS sin årsrapport om kvalitet i utdanninga i inneverande år, med planar for neste år, vart vedteke av styret.

I tillegg kom ei sak om mål, planar og risikovurdering for 2013 på styrebordet. Ho blei også vedteke, med berre små endringar i teksten.

Handlingsplan og strategi for etisk handel ved UiS blei i tillegg lagt fram. Denne saka blei vedtekne med endringsforslag frå styremedlemmane Morten Tønnessen og Erling Øverland.

Fagleg styrking
Fleire styresaker dokumenterer vitskaplege framsteg ved universitetet den siste tida.

Universitetsdirektøren la fram forslag om å etablere eit nytt tverrfagleg senter for IKT-forsking, under namnet Center for IP-based Service Innovation (CIPSI). Styret slutta seg til dette.

To nye doktorander vart kreerte, nemleg Sissel Iren Eikeland Husebø ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet og Ingunn W. Jolma ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

I tillegg lyste styret ut to nye professorstillingar ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet.

Øvrige saker blei vedtekne etter innstillinga, med enkelte mindre endringar.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (28.11.2012)

Skriv ut artikkel print symbol