Bli med på årsfest ved UiS 29. oktober


Studentar, tilsette og anna publikum er inviterte til årsfest i Tjodhallen, måndag 29. oktober kl. 13.00. Det blir seremoni med promosjon av doktorar, festtalar, prisutdeling og underholdning. Meld deg på no!

Universitetet i Stavanger feirar sin bursdag den 29. oktober kvart år. Da inviterar universitetet til flott seremoni i Tjodhallen. Blant høgdepunkta er promosjon av doktorar, festtalar og utdeling av Lyse si forskingspris. I tillegg vert det storslagen underhaldning, i år med EnB1.

I etterkant av seremonien blir det forfriskingar og kake i foajeen utafor.

Årsfesten er open for noverande og tidlegare studentar, tilsette og andre interesserte.

Dato: måndag 29. oktober
Tid: kl. 13:00 - 14:30
Sted: Tjodhallen, Kjølv Egelands hus

Program:

•    Prosesjon med fanfare
•    Tale ved rektor Marit Boyesen
•    Helsing ved Eirik Faret Sakariassen, leiar i StOr
•    Festtale ved profossor ved UiO, Per Fugelli
•    Promosjon av doktorar
•    Utdeling av Lyse si forskingspris

Kake og kaffi i foajeen ca. kl. 14:30


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (29.10.2012)

Skriv ut artikkel print symbol