1 million til samarbeid om musikkutdanning


Universitetet i Stavanger har saman med Noregs musikkhøgskule, Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet, Universiteta i Agder, Bergen og Tromsø og Barratt Due Musikkinstitutt fått 1 million kroner frå Kunnskapsdepartementet til samarbeid om musikkutdanning.

- Pengane skal gå til utredning av samarbeid og arbeidsdeling mellom institusjonane som gir høgare musikkutdanning i Noreg. Ein ynskjer òg ei internasjonal evaluering av tilbodet ein har i dag for å sjå på dimensjonering, arbeidsdeling og samarbeid, seier instituttleiar Dag Jostein Nordaker ved Institutt for musikk og dans ved UiS.

Sårbare fagmiljø
Fleire rapportar og evalueringar har pekt på at det er mange små og sårbare fagmiljø i Noreg. Kunnskapsdepartementet har difor sidan 2010 årleg delt ut 50 millionar kroner for å stimulera til samarbeid, arbeidsdeling og fagleg konsentrasjon (såkalla SAK-arbeid).

Forpliktande samarbeid
Kunnskapsdepartementet delte denne gongen til saman ut 24,3 millionar kroner til forpliktande samarbeid innan høgare utdanning og forsking. Målet er at universitet og høgskular skal ha tilbod av høg internasjonal kvalitet, skriv departementet i ei pressemelding om tildelinga.

- Betre utnytting
- Eg ynskjer at universiteta og høgskulane utviklar tettare samarbeid så ein får ei betre utnytting av faglege og økonomiske ressursar. Slik kan vi helde fram med å heve kvaliteten på norsk høgare utdanning og forsking, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen i pressemeldinga.


 


Sist oppdatert av Elin Nyberg (07.08.2012)

Skriv ut artikkel print symbol