Dyr kontantstøtte for kvinner


Kontantstøtta gjer at norske mødrer fort kan bli sinker i arbeidslivet. Mange kvinner jobbar nemleg redusert også i fleire år etter at kontantstøtteperioden er over.

– Halvparten av mødrene som reduserte arbeidstida si som følgje av kontantstøtta, var ikkje tilbake i full jobb igjen då barnet var fire år og dei ikkje lenger hadde krav på kontantstøtte, seier forskar Nina Drange ved Statistisk sentralbyrå.

I studien har Drange teke føre seg alle foreldre som fekk sitt yngste barn i 1998, og som ikkje etterpå har fått eitt nytt barn. Dette var då dei første foreldra som kunne nytte ordninga då barnet var eitt og to år.

Drange har samanlikna arbeidstilbodet til denne gruppa med arbeidstilbodet til mødrer som fekk barn født i 1995, altså tre år før kontantstøtta blei innført. Studien har ho gjort saman med økonomiprofessor Mari Rege ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Forskinga er ein del av Drange sitt doktorgradsarbeid ved UiS der ho har sett nærare på korleis velferdsordningar for barnefamiliar påverkar mødrer og fedrar si deltaking i arbeidslivet.

Fanga i heimen
Forskinga viser altså at mange mødrer også jobbar mindre når barnet er fire og fem år og mødrene ikkje lenger har rett til kontantstøtte. Det er først når barnet har fylt seks år, at mødrene kjem tilbake i jobb for fullt.

– Kontantstøtteordninga har dermed hatt ein utilsikta effekt. Sjølv om ein på førehand hadde sett for seg at fleire mødrer ville trekkje seg ut av arbeidslivet i perioden med kontantstøtte, har ein ikkje kalkulert med at mange av desse mødrene heilt eller delvis blir borte frå jobb også etter at barnet har fylt tre år, seier Drange.

Summen av velferdsordningane som skal gi familiar meir fleksibilitet, kan slik sett bli ein bumerang for kvinner. Kvinnene kan fort ende opp som minstepensjonistar, for oftast er det mødrene som nyttar seg av både lange fødselspermisjonar, kontantstøtte og deltidsarbeid.

– Kvinner sakkar akterut på arbeidsmarknaden fordi det oftast er dei som nyttar desse ordningane. Kvinnene får fort hovudansvaret i heimen og går dermed glipp av dei viktige goda og den viktige læringa i arbeidslivet, meiner Drange.

Lurt med deltid
I studien har Drange også sett nærare på mødrer med høgre utdanning og mødrer utan utdanning som var i full jobb før kontantstøtteperioden. Ho har også samanlikna mødrer som tente godt, og mødrer som tente lite.

– Dei fyrste åra etter tida med kontantstøtte, når barna er to og tre år, er det lite som skil desse ulike gruppene av mødrer. Dei fleste mødrene held på ei deltidsstilling, men det gjeld særleg mødrer med høgre utdanning og god lønn, seier Drange og held fram:

– Når barnet er fire og fem år, er det stort sett berre mødrene utan høgre utdanning og utan god lønn som framleis er ute av arbeidslivet i større eller mindre grad. Mødrene med god lønn og god utdanning er tilbake i full jobb, fortel ho.

– Overraskande nok har tida utanfor arbeidslivet ikkje nokon stor effekt på lønnsutviklinga til mødrer med høgre utdanning når barna deira er fire og fem år. Desse mødrene taper ikkje noko særleg på å vere delvis borte frå jobben dei fyrste åra etter kontantstøtteperioden.

– Funna i avhandlinga kan tyde på at dei har klart å halde den nødvendige kontakten med arbeidslivet med å jobbe deltid, seier Drange.

Slik sikrar mødrer med høg utdanning seg altså kompetanse og nettverk, som begge er viktige for den vidare karrieren deira.

– Kanskje veit mødrene med høg utdanning at dei har mykje å tape på å vere borte lenge, seier Drange.

Fedrar jobbar som før
Så kva med fedrane? I forskinga finn Drange at ordninga med kontantstøtte ikkje har hatt noko å seie for fedrar si deltaking i arbeidslivet. Heller ikkje på lønna finn ho nokon effekt.

– Sjølv om mor altså jobbar mindre, jobbar ikkje far meir, seier Drange.

– Kanskje er det ikkje rom for at far kan jobbe meir, fordi han jobbar mykje allereie. Det kan også tenkjast at fedrar ikkje vil gi opp tida si heime og difor held fram som før, seier ho.

Ifølgje Drange må ein no sjå nærare på korleis ulempene med å vere borte frå arbeidslivet kan fordelast betre mellom mødrer og fedrar. I eit samfunnsøkonomisk perspektiv kan ein stille spørsmål ved nytten av kontantstøtta, meiner ho.

– I det store reknestykket er prisen høg når vi ser at mødrene blir verande lenger borte frå jobben enn det som var tenkt. Her går det mykje ressursar med som kunne vore brukte annleis. Noreg har gode ordningar for dei yngste barna.

– Forsking har mellom anna vist at det å gå i barnehage er bra for barn, og særleg for barn av foreldre med lågare utdanning og låg inntekt. Barnehage for alle er eit godt alternativ for familiane, meiner Drange.

Saka er henta frå Univers 2 2012


Sist oppdatert av Silje Stangeland (12.06.2012)

Skriv ut artikkel print symbol
Nina Drange
FANN UTILSIKTA EFFEKT: Nina Drange i Statistisk Sentralbyrå har forska på kontantstøtta og funne at mange mødrer framleis jobbar redusert etter at barna deira ikkje lenger har krav på kontantstøtte. (Foto: Studio Vest/SSB)
Mor hjemme med barn (Foto: NTB Scanpix/Matthias Ritzmann)
FANGA I HEIMEN: Kvinner får fort hovudansvaret i heimen og går dermed glipp av viktige gode og viktig læring i arbeidslivet. (Foto: NTB Scanpix/Matthias Ritzmann)
DISPUTERER 1. JUNI

Nina Drange disputerer fredag 1. juni for ph.d.-graden ved Universitetet i Stavanger med avhandlinga: ”Omsorgen for barna i velferdsstaten”.  

I avhandlinga ser Nina Drange på korleis ordningar som kontantstøtte, gratis kjernetid i barnehagen og reform 97 har påverka forholdet mellom familieliv og arbeidsliv, og barns utvikling.

Forskinga til Drange får fram nye sider ved ordningar knytt til omsorg for barn i velferds-staten. Funna er viktige bidrag i debatten om norsk velferdspolitikk.

Disputasen vil vere i Ellen og Axel Lunds hus, rom H-317.