Stipend til danse- og musikkstudentar


Studentane Tatjana Andreeva, Reidar Garthus og Friedrike Wildschutz ved Institutt for musikk og dans ved UiS har fått kvart sitt stipend på 25.000 kroner.

Tatjana Andreeva fekk stipendet for dans frå Inge Steensland si stiftelse. I grunngjevinga for tildelinga heiter det at ho fekk stipendet fordi ho ved stor sjølvdisiplin, hardt arbeid og ein sjeldan evne til kreativ tenking har utvikla eit sjølvstendig uttrykk og særpreg innan samtidsdans.

- Tatjana Andreeva er ein kunstnar som kjem til å nå langt innan samtidsdans, sa leiar for Institutt for musikk og dans (IMD), Dag Jostein Nordaker, ved tildelinga som fann stad under semesteravslutninga for instituttet.

Aktiv saksofonist

Reidar Garthus fekk stipendet for jazz frå Inge Steensland si stiftelse. Han fekk stipendet fordi han er ein svært kompetent saksofonist som er teknisk god og som har stor musikalitet.

- Reidar har også vore ein uvurderleg del av Bjergsted Jazzensemble, både som utøvar og som organisator. Han er ein musikar som både er sterk kunstnerisk og som og får ting til å skje rundt seg, sa Dag Jostein Nordaker om tildelinga.

Pianist med solokonsertar
Friedrike Wildschutz fekk stipend i klassisk musikk frå Sonja Theodora Middelthon Bjønnes og Haakon Bjønnes sitt legat. Ho har gjennom studietida vist seg som ein svært dyktig pianist med fleire solokonsertar, både i IMD sin regi og gjennom eksterne arrangørar.

- Friedrike Wildschutz har også hatt tunge akkompagnementsoppgåver ved instituttet og ho gjennomfører alltid arbeidsoppgåvene med stor entusiasme og fagleg innsikt, sa Dag Jostein Nordaker ved tildelinga av stipendet i klassisk musikk.


Merkedag
Avslutninga, som fann stad i Lille Konsertsal i Bjergsted, var også ein merkedag for Institutt for musikk og dans av di det for fyrste gong blei uteksaminert studentar med fireårige bachelorgradar i dans, klassisk musikk og jazz med integrert PPU og studentar med mastergradar i utøvande musikk med jazzprofil. UiS er einaste institusjon i landet som utdannar dansepedagogar på denne måten.

- Vi var på førehand veldig spent på korleis desse tilboda skulle bli tekne imot, men dei har vist seg å vera ein suksess, konstaterte instituttleiar Nordaker nøgd.


Sist oppdatert av Elin Nyberg (25.05.2012)

Skriv ut artikkel print symbol