Emeralds pris til Kristin Sørung Scharffscher


Kristin Sørung Scharffscher har vunne forlaget Emerald sin pris for beste publiserte artikkel i tidsskriftet "Disaster Prevention and Management" for 2012. Artikkelen var ein del av ph.d.-avhandlinga til Scharffscher då ho var tilsett ved UiS.

Kristin Sørung Scharffscher har vunne prisen for sin artikkel “Disempowerment through disconnection: Local women’s disaster response and international relief in post-tsunami Batticaloa”.

 Artikkelen var ein del av ph.d.-avhandlinga hennar då ho var tilsett ved UiS. Scharffscher er no førsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø.

I doktorgradsarbeidet har ho sett på korleis humanitære organisasjonar tek i vare kvinner sin sikkerheit i komplekse kriser. Scharffscher har mellom anna gjort feltarbeid i byen Batticaloa på Sri Lankas østkyst, der kvinner står for mykje av det lokale nødhjelpsarbeidet.

Les også: Disputas om kvinners sikkerhet i komplekse kriser


Sist oppdatert av Silje Stangeland (06.06.2012)

Skriv ut artikkel print symbol
Kristin Sørung Scharffscher
PRISVINNAR: Tidligare stipendiat ved UiS, Kristin Sørung Scharffscher, har vunne pris for sin artikkel “Disempowerment through disconnection: Local women’s disaster response and international relief in post-tsunami Batticaloa”.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER