Kompetanse jorda rundt


Første nummer av Univers i 2012 er ute no. I tillegg til nyheiter om forsking, undervisning og formidling, inneheld magasinet temasaker om Norsk hotellhøgskole, som feirar sitt 100-års jubileum i år.

Sjå pdf-versjon av Univers nummer 1 2012 her

I temadelen kan du lese om Norsk hotellhøgskole si mangslungne historie og behovet for meir forsking på reiselivsfeltet.

Du får også ta del i dei første forskingsresultata frå prosjektet Tourism yield og møte ein stilrein og særs aktiv førelesar i hotellfag.

Forskingsdelen inneheld saker om ytringsfridomen sine kår i terrorens tidsalder, nye funn kring foreldra si påverknadskraft på borns matvanar og historia om UiS-forskaren sin leiting etter løysinga på ein av universet sine største løyndomar.

Du kan i tillegg lese om samanhengen mellom born sine språkvanskar og einsemd på leikeplassen og bli med på eit djupdykk ned i bakken, der pollen frå ei teskje med jord kan fortelje mykje om fortidas natur og kultur.

I resten av magasinet får du store og små nyheiter frå universitetet si mangearta aktivitet dei siste månadane.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (03.03.2013)

Skriv ut artikkel print symbol