Disputas i lesevitskap


Tysdag 27. mars forsvarar Magne Rogne (40) si doktorgradsavhandling i lesevitskap. I doktorgradsarbeidet har han teke føre seg tilhøvet mellom norskfaget og den tekstkulturelle utviklinga i samfunnet.

Den tekstkulturelle utviklinga har skote fart med innføringa av digital teknologi. Bruken av mellom anna PC, Internett, lesebrett og smarttelefonar har ført til radikale endringar i måten dei fleste av oss brukar tekstar på – det vil seie korleis me les, produserer og distribuerer dei. Den faglege utviklinga med blant anna skifte i fokus frå språket som system til språket i bruk, har òg ført til auka merksemd rundt samspelet mellom språket og andre teiknsystem. Desse to utviklingsdraga – knytt til samfunn og fag – heng sjølvsagt i hop, og dei har òg endra synet mange har på kva ein tekst kan vere. I norskfaget har ein lenge talt om eit utvida tekstomgrep, der ein inkluderer bilete, lyd og så vidare, utan at det nødvendigvis har vore konsekvent innarbeidd i opplæringa.

Hovudvekt på Vg1
Avhandlinga til Magne Rogne har fått tittelen ”Mot eit moderne norskfag - ein studie i norskfagets tekstomgrep”, og det viktigaste forskingsspørsmålet i avhandlinga er sentrert rundt kva tilhøve norskfaget har til dei tekstkulturelle endringane i samfunnet, ut i frå ei forståing av at dette er essensielt både for at elevane skal kunne nå overordna mål med undervisninga knytt til mellom anna deltaking i samfunnet, og for faget sin posisjon i skuleverket. Hovudvekta ligg på norskfaget i vidaregåande skule, særleg Vg1, men norsklærarutdanningane er òg inkluderte i granskingane. Materialet består av læreplanar, rammeplanar, studieplanar, lærebøker og norskfaglege nettstader.

Avhandlinga avdekkjer at:
* utviklinga av norskplanane for skulen syner ein gradvis aksept for og inkludering av eit multimodalt tekstomgrep, slik at modalitetar som bilete og film har funne sin plass i faget etter kvart som dei har vorte meir brukte i samfunnet. Dette gjeld særleg resepsjons- og refleksjonssida av faget, medan krava planen stiller til digital tekstproduksjon, ikkje er heilt i samsvar med behova i samfunnet.

* lærarutdanningane vart liggjande etter LK06 dei første åra etter innføringa av denne planen, slik at avstanden mellom skulefaget norsk og lærarutdanningane når det gjaldt multimodale og digitale tekstar, vart urovekkjande stor. Denne avstanden har minka monaleg dei siste par åra.

* dei undersøkte lærebøkene i norsk ikkje dekkjer læreplanen godt nok når det gjeld hovudområdet ”Sammensatte tekster”. Vektlegginga av feltet varierer ein god del mellom bøkene, men fellestrekk er at refleksjonssida er betre dekt enn produksjonssida og resepsjonssida med vekt på teksttypar i tekstsamlingane. Eit særskilt funn er at digitale tekstar er lite omtalte i høve til det ein kunne vente ut frå læreplanen.

* ingen av dei norskfaglege nettstadene som er undersøkt, gir elevane god støtte i arbeidet med å nå måla i læreplanen på det digitale feltet. Her er likevel store variasjonar, både mellom nettstader og mellom tilnærmingsmåtar. Reflekterande framstillingar om digital tekstkultur er samla sett lite vektlagt, medan aksept for bruk av Wikipedia er eit fellestrekk for alle nettstadene. Størst forskjellar mellom nettstadene finn ein i tilrettelegging for tekstproduksjon.

Avstanden mellom formuleringsarenaen og realiseringsarenaen syner seg altså å vere stor, og på læremiddelsida har norskfaget ein veg å gå for å kome i takt med samfunnsutviklinga på feltet digitale tekstar.

Interessant for fleire
Rogne vonar at kunnskap frå forskninga han har gjort, kan vere interessant for styresmaktene som skal utvikle skulen for framtida, læremiddel-produsentar som skal lage didaktisk tilpassa læremiddel i ei tid då marknaden er usikker, lærarutdannarar som skal utdanne lærarar med endringskompetanse, skuleleiarar som skal tilsetje norsklærarar og norsklærarar som søkjer innsikt i det faglege krinsløpet dei er ein del av, eller som må legitimere faget i møte med elevar og foreldre.

Rogne har hovudfag i Nordisk fra UiO.
Hovudrettleiar for doktorgradsavhandlinga er Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, UiS, medrettleiar er Martin Engebretsen, UiA.

Prøveforelesinga, som har emnet "Norskfaget har tradisjonelt vært bygd opp rundt studiet av og undervisningen i norsk språk og litteratur i nåtid og fortid. Hvordan kan norskfagets fag- og undervisningstradisjoner møte utfordringene fra et multimodalt tekstbegrep forankret i literacy-tradisjonen?" finn stad kl. 10 tysdag 27. mars 2012 i auditorium A – 2, Kjell Arholms hus, UiS. Disputasen er kl. 12.


Sist oppdatert av Ragnhild Nordahl Næss (21.03.2012)

Skriv ut artikkel print symbol