Stortingsbesøk på UiS


KUF-komiteen var på offisielt besøk på Universitetet i Stavanger i dag. Dei fekk høyre om nokre av dei mest framragande utdanningane ved UiS.

Bakgrunnen for besøket er at Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen behandlar mange saker som er viktige for høgre utdanningssektoren.

Politikarane som sit i komiteen ynskjer derfor best mogleg oversikt over kva som skjer på universiteta og andre utdanningsinstitusjonar rundt om i landet.

Utvalde fagområde
På Ullandhaug fekk komiteen ei orientering om Universitetet i Stavanger av rektor Marit Boyesen. StOr-leiar Morten Rønne fortalte om situasjonen for studentane.

Etterpå fekk ein representant frå kvart fakultet ordet for å seie noko om utvalde forskings- og utdanningsområde på universitetet. Fagmiljøa innanfor petroleum, risikostyring/samfunnstryggleik og lærarutdanning blei trekte spesielt fram.

Lærar og SAFER
Dei fekk også ein oppdatering på arbeidet til følgjegruppa for lærarutdanningsreforma. Sekretariatet til følgjegruppa er lagt til UiS.

Resten av ettermiddagen blei tilbrakt på SAFER (Stavanger Acute Medicine Foundation and Research) i Stavanger sentrum.

SAFER er eit læringssenter oppretta av Laerdal Medical AS i samarbeid med UiS og Stavanger Universitetssjukehus for å styrkje akuttmedisinsk opplæring og pasienttryggleik.


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (26.01.2012)

Skriv ut artikkel print symbol