Disputas om ”smart vatn”


Reza Rostami Ravari (34) forsvarte sin doktorgrad ved UiS fredag 9. desember. Han har studert korleis kjemien i eit oljereservoar kan påverkast til å gi auka utvinning.

Avhandlinga viser at det er svært viktig å tilegne seg god kjemisk forståing av interaksjonen som skjer mellom olje, karbonat, formasjons- og injeksjonsvatn. Med slik kunnskap kan ein i dag designe et injeksjonsvatn som gir optimal utvinning av olje.

Metoden er miljøvenleg og kan gi store vinster i ekstra oljeutvinning, spesielt i oppsprukne karbonatreservoar.

Ekofisk
Under visse forhold kan injeksjon av sjøvatn i kalksteinsreservoar gi en betydelig auka oljeutvinning samanlikna med bruk av ein annan type injeksjonsvatn.

Ekofisk-feltet i Nordsjøen er eit godt eksempel på dette. Her har estimert oljeutvinning gått opp frå omtrent 30 prosent til meir enn 50 prosent, noe som skyldes den spesielle samansetninga av ion i sjøvatnet.

Med dagens oljepris utgjør dette 800 milliardar norske kronar.

Kalkfelt
Omtrent halvparten av verdens påviste oljereservar fins i karbonat, som har den same kjemiske samansetninga som vi finn i kalk.

I dette doktorgradsarbeidet har stipendiaten overført kunnskapane om injeksjon av sjøvatn i kalk til karbonatreservoar.

Ein detaljert forståing av kjemiske prosessar i eit oljereservoar er nødvendig for å evaluere potensialet for auka oljeutvinning med ”smart vatn”.

Betydelig auke
Resultata frå dette arbeidet er svært oppløftande og kan gi en betydelig auke i verdens anslag over mengda olje som kan utvinnast frå eksisterande karbonatfelt.

Med bakgrunn i arbeidet for å auke oljeutvinninga med fuktendring i kalk er det etablert samarbeid med store internasjonale selskap som er involvert i oljeproduksjon i Midtausten, der det fins gigantiske karbonatreservoar.

Oljereservoar i ørkenen i Saudi-Arabia blir i dag flømma med sjøvatn frå Golfen. Potensialet for auka utvinning er stort, og det er også mulig å auke oljeutvinninga på norske kalkfelt (Ekofisk og Valhall) dersom ein modifiserar sjøvatnet.

Reservoaringeniør
Reza Rostami Ravari er 34 år og frå Iran. Han er til dagleg tilsett som Senior Reservoir Engineer i Aker Geo.

Ravari har vore tilknytt Institutt for petroleumsteknologi, der han hadde professor Tor Austad som vegleiar. Forskinga har fått økonomisk støtte frå Noregs forskingsråd (NFR) og Total Norge.

Avhandlinga har tittelen ”Vatnbasert auka oljeutvinning frå karbonat med ’smart vatn’. Ein studie i overflatekjemi”.

Les meir om disputasen her
 


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (14.12.2011)

Skriv ut artikkel print symbol