Rogaland vert eitt - då byane kom med i fylkeskommunen


Forskar Yngve Flo, Uni Rokkansenteret, Bergen, held foredrag onsdag 7. desember kl. 19.00-20.30, i kafeen på Arkeologisk museum.

1964 er året då det norske kommunekartet vart teikna på nytt. I Rogaland vart talet på kommunar meir enn halvert. Men 1964 er òg året då gamle skiljeliner mellom by og land vart bygde ned. Medan fylkeskommunen tidlegare hadde vore eit organ for bygdene, vart han no ei felles ramme kring alle rogalendingar. For fyrste gong fanst det no eit organ som tok mål av seg å føre ein politikk til gode for heile fylket, til dømes ved å planleggja og byggja ut sjukehustenestene og utdanningstilbodet til rogalendingar i by og bygd under eitt. Kva var bakteppet for reforma, og i kva grad vart ambisjonen om å samla rogalendingane innfridd?

Historieverk
Universitetet i Stavanger er ansvarleg for å skriva Rogaland fylkeskommunes historie. Verket i to band skal vera ferdig i 2012, og vert publisert i samband med 175-årsjubileet for fylkeskommunen. Føredragshaldaren Yngve Flo (f. 1972) er forskar ved Uni Rokkansenteret, og ansvarleg for band 2 av verket, som tek føre seg tida etter 1940.

Arrangør: Forum for historie, kultur og samfunn, UiS.


Sist oppdatert av (05.12.2011)

Skriv ut artikkel print symbol