Mållagsmøte om den nye bibelomsetjinga


Stavanger Mållag inviterer til ope møte om den nye bibelomsetjinga torsdag 27. oktober kl. 19.00 på Arkeologisk museum. Innleiarar blir forfattaren Odveig Klyve, professor Magnar Kartveit ved Misjonshøgskolen og professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen ved Universitetet i Stavanger.

Bibelomsetjingane har hatt mykje å seia for språkutviklinga i mange land. Kva rolle spelar bibelspråket i ei sekularisert SMS-tid?
Alle dei tre innleiarane har hatt med den nye bibelomsetjinga å gjera.

Det blir høve til spørsmål og diskusjon.

Møteleiar er Sigvart Østrem

Gratis inngang


Sist oppdatert av (25.10.2011)

Skriv ut artikkel print symbol