Vedtak frå styremøte 29.9. 2011


Alle sakene på dagens møte i Universitetsstyret blei vedtekne utan endringar.

Sakskartet finn du her

Den største saka gjaldt rekneskapsrapporten for 2. tertial. Den viser at alle einingar ved universitetet har eit underforbruk i høve til årsbudsjettet. Trenden frå tidlegare år er dermed snudd.

Universitetsdirektøren reknar no med at UiS vil få eit underforbruk på mellom 20 og 25 millionar kronar når dette året er omme.

Planane for å byggje nytt laboratoriebygg for TekNat-fakultetet blei også vedteke etter innstillinga.

Åtte doktorar
I tillegg blei åtte nye stipendiatar tildelt graden philosophiae doctor.

Geir Egeland disputerte ved Det teknisk-vitskaplege fakultetet med avhandlinga “The Availability and Reliability of Wireless Ad Hoc Networks”.

Bjørg Frøysland Oftedal disputerte ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet med avhandlinga ”Motivation for Self-management Among Adults with Type 2 Diabetes”

Knut Arne Sund disputerte ved Det teknisk-vitskaplege fakultetet med avhandlinga “Contribution to Supply Chain Management and Incentive Modeling with Application from the Upstream Oil and Gas Industry”

Ingunn Tollisen Ellingsen disputerte ved Det humanistiske fakultetet, med avhandlinga ”Adolescents in foster care and their families – A Q methodological study on family perceptions”.

Øyvind Breyholtz disputerte ved Det teknisk-vitskaplege fakultetet med avhandlinga ”Managed Pressure Drilling: Improved Pressure Control through Model Predictive Control”

Jan Einar Gravdal disputerte ved Det teknisk-vitskaplege fakultetet med avhandlinga “Kick Management in Managed Pressure Drilling Using Well Flow Models and Downhole Pressure Measurements”

Tomasz Wiktor Wlodarczyk disputerte ved Det teknisk-vitskaplege fakultetet med avhandlinga “Handling Big Data: On Mutual Applications of Cloud Computing and Semantic Web Technologies”

Dina Kayrbekova disputerte ved Det teknisk-vitskaplege fakultetet med avhandlinga “Activity-Based Life-Cycle Cost Analysis Design, Operation and Maintenance in Arctic Environment”.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (30.09.2011)

Skriv ut artikkel print symbol