Universitetsdirektør John B. Møst sin tale ved opninga av studieåret 2011-2012


Beste studentar, og alle dykk andre!
Eg heiter John B. Møst, og eg er universitetsdirektør på UiS. Universitetsdirektøren er han som i det daglege skal sjå til at alle hjula går rundt, og at alt det rektor førespeglar dykk og omverda vert røyndom.
Universitetet er ein flott organisasjon, som har budd seg godt på at nett de skulle koma til oss og få utdanning. Alle professorane har laga fagplanar for dykk, og pensumlister og prosjektopplegg og praksis.
Administratorane har laga timeplanar, og ordna køane dykkar fram til studentkortfotografering, skrive klasselister og synt dykk vegen fram dit de skal nytta tida dykkar dei neste åra.
Eg er viss på at de er spente på korleis dette skal gå, nett som alle andre som har møtt på eit universitet dei siste 900 åra, og eg er like viss på at det skal gå bra for dykk. Statistikken syner at held de berre ut fram til første eksamen, står de i gjennomsnitt i 91,5% av tilfella, og i tillegg kan de prøva fleire gonger.
Men det krev innsats. Sjølv om de tykkjer det er naudsynt med ekstrajobb og sjølv om nokre trur at alt ordnar seg med eit skippertak, så er det diverre slik at sikraste måten å nå målet på er gjennom jamn lesing og deltaking i førelesingar og prosjekt. Dette valet er dykkar.
Universitetet er stort, her er 1250 tilsette og opp mot 9000 studentar. Då kan ein fort gå seg vill i storleiken og verta einsam i mengda. Difor er det viktig å ta del i fadderverksemda og samanristinga. Då finn ein fort si gruppe og nokre å prate med. Likeeins er det viktig at de ser dykk om, og får med dei som tykkjest gå åleine. Gode arbeidsgrupper sikrar kontinuitet og gjev sosialt press til å henga med.
Heldigvis har de ikkje sjølve fullt ansvar for studia dykkar, sjølv om de no får mykje meir ansvar enn de hadde på vidaregåande. Lærarar og koordinatorar og praksisrettleiarar og studentassistentar vil hjelpe dykk. Og ver aldri redde for å be om hjelp. De vil oppdaga at me alle strekk oss langt for dykk, og kan me ikkje hjelpa direkte, veit me kor de kan gå.
Frå vår side er det viktig at de studerer, men de må ikkje berre studere. Samfunnet treng folk som har opplevd meir enn lærebøker. Ta del i sport og sosiale lag, ver medlemmer i studentorganisasjonar og i styring og stell, der studentane har krav på plass. Me vil gjerne at de skal reise herifrå som reflekterte menneskje med gode opplevingar som har utvikla dykk.
Eit universitet er ikkje berre ein skule. Lærarane dykkar er forskarar og leitar etter ny kunnskap de skal ha glede av. Denne kunnskapen deler dei med dykk, stendig meir di lenger de studerer. Me er flinke til å forska, og etter kvart skal de og vera med i slike prosessar, der de tek del i slikt arbeid.
I åra her hjå oss vil de møta mange ulike meiningar, for på eit universitet er det leiting etter nye sanningar og idear som er viktig. Eg voner de får sjå ei og anna slik fagleg konflikt. Det syner oss at verda er ikkje fasttømra, og at ho går framover. Det syner oss og at me ikkje skal ta alt som kjem frå autoritetane for sant og rett. Det er som det skal vera, og debattar og meiningsbryting kan ein læra minst like mykje av som repetisjon av det velkjende. Utfordringa er å halda debattane på eit sømeleg og sakleg nivå.
I denne nye verda, full av nye menneskje, nye kunnskapar, nye brytningar skal de vera i nokre år. Kunnskapen de får her skal de leva for no, og leva av seinare! Ta med dykk alt de kan, før livet vert kav og lønn og huslån og ungar og karriere!
Før eg overlet plassen til Moi som vil avslutte denne tilskipinga, kan eg fortelja at lunsjen for dei inviterte gjestene er i kafé Optimisten, ca. 20 bortover gangen her til høgre for meg (strekk ut
 


Sist oppdatert av (17.08.2011)

Skriv ut artikkel print symbol