Sjefsredaktør Tom Hetland i Stavanger Aftenblad sin tale til studentane ved semesteropninga på UiS 16. august 2011


Kjære studentar og anna godtfolk!
Dear foreign students! I’m sorry that you have to put up with my Norwegian for the next few minutes. But make no mistake: it’s great to see you here!
Takk for invitasjonen til å tala for dykk. Det er ei stor ære.
La meg få lov å begynna med litt mimring. For det er nokså nøyaktig 38 år sidan eg sjølv var med på ein liknande seremoni her i Stavanger. Immatrikulering av nye studentar, heitte det då. Professor Tollak B. Sirnes heldt tale for studentane. Av den talen hugsar eg ein ting, nemleg at ”ikkje noko problem er så stort at ein ikkje kan gå seg ifrå det”.
Dette rådet har eg seinare forsøkt å følgja etter beste evne. Eg har gått Nijmegen-marsjen i Nederland, visstnok den lengste turmarsjen i verda, eg har gått gjennom Ryfylkeheiane og over Hardangervidda. Eg har til og med ein gong gått tre mil frå Bryne til Stavanger på jobb.
Eg kan ikkje seia at livet mitt er blitt heilt problemfritt. Men eg trøystar meg med at det hadde sikkert vore verre om eg ikkje hadde følgt rådet til professor Sirnes.
***
Seinare kom eg via omvegar til Bergen som vart min studieby i nesten seks år. Eg ante vel ikkje då eg kom dit kor betydningsfullt det skulle bli. For når eg ser tilbake, slår det meg kor mykje av kursen for livet mitt som vart sett i dei åra. Det var der eg møtte mange av dei som er mine beste venner ennå i dag. Det var der eg møtte ho som eg i dag er gift med. Det var der eg blei utfordra til å tenkja gjennom kva eg sto for og kva mine verdiar skulle vera, til å strekka meg lenger og grava djupare.
Eg reiste frå Bergen med erfaringar, minne og historier som ennå gjer seg i godt lag. Alt frå fargerike førelesarar til sure hybelvertinner. (Professor Sirnes kunne godt ha tipsa om at det blir trøbbel av å ha ein livleg eksamensfest i 4. etasje når huseigaren bur i første og pleier låsa klokka 11).
Men Bergen, det var også Hulen og Holberg, turar på Fløyen, politiske diskusjonar på Studentsenteret, regnfulle haustdagar på Fisketorget, lyse mainetter med festspel og nattjazz.
Det er altså noko spesielt med den byen du har studert i, der du har levd i nokre av dine beste og mest inntrykksopne år. Med studiebyen blir det litt som Knut Hamsun skreiv om Kristiania, det blir ein by ”ingen forlater uten å ha fått merker av den”.
Det er litt rart å måtta innrømma det: Uansett kor store dei er i kjeften, uansett kor høge dei er på pæra - for eksempel etter å ha vunne ein straffekonkurranse på Viking Stadion – ja, uansett kor mykje dei måtte fortena det, klarer eg aldri heilt å bli sint på bergensarar.
***
De har valt Stavanger som studieby. Eg veit ikkje kva merke de vil få av Stavanger. Men eg håpar at de vil setja merke på Stavanger.
Stavanger er ung og uferdig som universitetsby. Og skal me vera ærlege, er det både plussar og minusar med å studera her.
På den eine sida er dette ein by der det skjer mange nye ting, ein by med store ambisjonar, ein internasjonal by med ein internasjonalt universitet. Og det er ein by der studentane er velkomne.
Då Høgskolen i Stavanger vart universitet i 2005, var det resultat av ein lang og hard kamp frå heile regionen. Universitetsstatus vart sett på som ei viktig investering i framtida, for å leggja grunnlaget for vekst og utvikling i ei framtid der oljå betyr mindre enn i dag, og for å gjera denne regionen til ein meir attraktiv plass å bu.
Det er eit prosjekt som også Stavanger Aftenblad har støtta sterkt opp om, både gjennom økonomisk støtte, men framfor alt på leiarplass og gjennom å bruka mykje plass på universitetet i vår daglege dekning. (Reklame: Les vårt spesialbilag med mange praktiske tips til nye studentar i morgon). Det betyr ikkje at folka på Ullandhaug er like glade for alt me skriv om dei. Dei kan faktisk bli ganske sinte på oss av og til. Men slik må det vera. Me skal vera både heiagjeng og kritikar.
På den andre sida har ikkje Stavanger nokon sterk kultur som studentby, sjølv om det har vore høgare utdanning her i fleire tiår. Ennå er det langt færre studentar her enn i Oslo, Bergen og Trondheim. Studentane har ikkje prega byen og siddisane (ordforklaring for tilflyttarar: ein siddis er ein person frå Stavanger, ein person frå Sandnes blir kalt for Sandnes-gauk), altså, siddisane er på ingen måte uvennlege, men dei nok ennå ikkje tatt studentane til seg på same måte som i enkelte andre studentbyar. Det står ingen statue av studentar i Stavanger sentrum slik som det gjer i Trondheim.
Det får så vera. Levande studentar er trass alt viktigare enn studentar på sokkel. Og om det er noko Stavanger treng, så er det aktive og engasjerte studentar. Det set farge på byen, det skaper liv og gir oss utfordringar, det gir grunnlag for eit meir mangfaldig og rikare kulturliv. Det var ein viktig grunn til å slåst for universitetet. Kanskje den viktigaste.
Og fordi Stavanger ennå har ein så svak akademisk tradisjon og studenttradisjon, så er det lett å forma han. Feltet ligg meir opent: De som sit her, kan gjera ein forskjell i større grad enn studentar i dei meir etablerte universitetsbyane.
Her på Ullandhaug har de byens beste utsikt over Jæren og Rygjafylkets fjell og fjord, som det heiter i bysangen. Gå opp til tårnet og nyt den! Men kom så til byen! Rektor Marit Boyesen har mi fulle støtte: gå inn i aktivitetar, ta del i debatten, set farge på byen, provoser det gode borgarskap, ha det gøy, nyt livet og tenk ikkje bare fag. Lev opp til UiS sin gode visjon om å ”utforska det ukjende og utfordra det velkjende”.
Men så er det heller ikkje til å koma forbi at Stavanger er ein dyr by. Bustad- og leigeprisar er høgast i landet. Dette går ut over studentane, og det går ut over utviklinga av Stavanger som studentby. Kvar femte student i Stavanger bur heime, det er langt meir enn i nokon av dei andre universitetsbyane.
Det er ikkje bra for studentmiljøet. Det er det heller ikkje når så mange studentar må jobba mange timar i veka for å få råd til å betala husleiga. Yrkeserfaring kan vera positivt, men ikkje når det går ut over studiane eller det å delta i studentaktivitetar.
Derfor seier eg så sterkt eg kan til politikarane i salen: Me byggjer ikkje eit kunnskapssamfunn eller ein kunnskapsregion, og me utviklar ikkje Stavanger som universitetsby dersom studentane bur seg i hel. Dette må det gjerast noko med!
***
Ein tale som dette i Norge i august 2011 kan ikkje unngå å koma inn på den tragedien som ramma landet 22. juli. Det var ikkje minst eit angrep på det unge Norge.
Når universiteta og høgskulane opnar igjen i desse dagar, vil det vera mange unge menneske som ikkje kjem tilbake til studieplassane og studiekameratane sine. Dei enda sine liv på Utøya. Framtidsplanar og framtidsdraumar fekk ein brå og brutal slutt, frå våpnet til ein fanatisk drapsmann som trudde han var soldat i ein altomfattande sivilisasjonskrig. På den måten ville han rettferdiggjera den verste valdshandlinga me har sett i Norge i fredstid. Han publiserte til og med eit såkalla manifest, ei kvasi-intellektuell utlegning av det spesielle verdsbildet hans.
Terroren i Oslo og på Utøya er eit grotesk eksempel på kor gale det kan gå når bisarre teoriar får utvikla seg i lukka miljø eller hos einsame ulvar. Dessverre er det ikkje eineståande. Og den nye informasjonsteknologien, med sine enorme mulighetar for å skaffa seg kunnskap og innsikt, gjer det samtidig lettare å leva i bobler der ein aldri lar seg utfordra og bare tek til seg informasjon som får terrenget til å passa med kartet.
Den akademiske livshaldninga må vera ei motgift mot denne trusselen. Den akademiske tradisjonen på sitt beste representerer systematisk tvil og kritikk, openheit for det alternative synspunktet og perspektivet, para med respekt for faktabasert kunnskap og sakleg argumentasjon.
Eller som leiaren i Norsk Studentorganisasjon, Kim Olin Kantardijev, skreiv i eit avisinnlegg få dagar etter tragedien:
”Kunnskap er å tvile, og menneskeverdet beskyttes av dem som tviler. De som er nysgjerrige, vitelystne og villig til å se seg selv fra andres ståsted. For det var det ensporede, det fatalistiske, den blinde visshet, som var kimen til tragedien.
Vi studenter har et særskilt ansvar for aldri å vite helt sikkert. Vi skal være tro mot målet, men dyrke uenigheten. Vi skal slåss for det vi tror på, men aldri med ekstremistens overbevisning. Vi skal alltid betvile våre egne overbevisninger, ikke for å svekke dem, men for å vite hvorfor vi mener det vi gjør. Vi skal aldri ta noen på ordet, akseptere vedtatte sannheter, stole på autoriteter, uten selv å ha funnet ut om det stemmer.”
Me hyllar kunnskapssamfunnet. Universitetet skal basera seg på kunnskap, formidla kunnskap, vinna ny kunnskap, slik det har gjort gjennom sin tusenårige historie. Men historia lærer oss og at kunnskap aleine ikkje er eit godt nok forsvarsverk mot barbariet. Mange av Tysklands beste hjernar hjelpte til med å gjennomføra folkemordet på jødane. Anders Behring Breivik var kanskje inga lysande akademisk stjerne, men han var heller ingen uintelligent og kunnskapslaus mann.
Derfor må kunnskap ha eit fundament i verdiar, i det humanistiske grunnlaget som det norske folket igjen slutta så sterkt opp om i dagane etter 22. juli 2011, og som heldigvis alltid har hatt Universitets-Norge som ein av sine sterkaste støttespelarar. Det var det som me song om i Nordahl Griegs ”Til ungdommen”: ”Her er ditt vern mot vold, her er ditt sverd: troen på livet vårt, menneskets verd.” Det er det som gjer kunnskap til noko meir enn kalde data.

***
Dear students, thank you for listening so politely, I wish you good luck with your studies in Stavanger.
Takk for at de ville høyra på meg, og lykke til med studiane i Stavanger!

 



 


Sist oppdatert av (17.08.2011)

Skriv ut artikkel print symbol