Tor Austad og Corec deler OD sin pris for auka oljeutvinning


Professor Tor Austad (UiS) og forskingssenteret Corec ved IRIS er tildelt OD sin IOR-pris for 2010. Austad og Corec vert heidra for den svært viktige forskinga som er utført for å få meir olje ut av krittfelta.

Den prestisjetunge IOR-prisen (IOR, improved oil recovery, auka oljeutvinning) vart delt ut på Norsk petroleumsforening (NPF) sin konferanse om reservoarstyring i Stavanger i dag, 7. juni.

Professor Tor Austad ved Universitetet i Stavanger (UiS) og Corec deler IOR-prisen for 2010.

Deira forskingsresultat er avgjerande for forståinga av dei reservoarmessige utvinningsmekanismane for krittfelta i den sørlige delen av Nordsjøen. Forskinga deira gir dermed eit viktig grunnlag for dei avgjerdene oljeselskapa må ta.

Systematisk arbeid
– Med bakgrunn i Austad si langsiktige forsking innan reservoarkjemi og fukteigenskapar i krittbergartar, og koplinga dette har til vidare utvinning frå krittfelta i den sørlege delen av Nordsjøen, er han ein særs verdig vinnar av Oljedirektoratet sin IOR-pris for 2010, seier oljedirektør Bente Nyland.

Gjennom eit systematisk arbeid saman med eit stort tal doktorgradsstudentar har Austad i løpet av 15 år avdekka sjøvatnet sine spesielle eigenskapar som EOR- og kompaksjonsfluid i krittreservoar med høg temperatur.

Dette har gitt eit viktig bidrag til å forstå korleis injeksjon av sjøvatn så effektivt fortrenger olja frå Ekofiskfeltet.

Auka levetid
Likeeins har han bidrege betydeleg til å oppklare den kjemiske mekanismen for svekking av krittbergarten med sjøvatn. Dette vil ha stor økonomisk betyding også i arbeidet med å effektivisere og auke levetida til brønnane i området.

Forskingssenteret Corec, som Austad deler prisen med, har arbeidd med auka utvinning sidan det vart etablert i 2002.

OD framhever betydninga av at Corec går grundig til verks med å sjå på metodar for å auke oljeutvinninga frå krittfelta i Ekofiskområdet, noko som også inkluderer å utforske effekten av å injisere CO2 i etterkant av vassinjeksjon i krittfelta.

Forsking sidan 1985
Professor Tor Austad har arbeidd med kjemiske metodar for EOR (enhanced oil recovery, forbetra oljeutvinning) heilt sidan det første nasjonale programmet for auka oljeutvinning OD-administrerte SPOR, vart starta i 1985.

Austad har sidan RUTH-programmet i 1992 også arbeidd med ei kjemisk forståing av fukteigenskapane i krittreservoar.
Tor Austad har rettleia ei rekke studentar fram til doktorgraden, kor av fleire innan problemstillingar knytt til karbonat, som er den klassen krittreservoara tilhøyrer.

Dette har resultert i meir enn 50 artiklar i internasjonale tidsskrift og mange presentasjonar på internasjonale konferansar. Forskinga har vekt stor internasjonal respekt.

Internasjonal merksemd
I ei årrekkje har Austad vore ein av dei viktigaste norske bidragsytarane innan det internasjonale IEA-samarbeidet (International Energy Agency) sitt samarbeid om auka oljeutvinning. Austad har også fått godkjent ein patent for fuktendring i karbonatar.

Tor Austad sitt arbeid innan fukteigenskapar til kalk har vekt internasjonal merksemd , og i samarbeid med internasjonale oljeselskap har han starta forsking med vassbasert EOR for andre karbonat som kalkstein (”limestone”) og dolomitt.

Han har også fått støtte frå oljeselskap til å studere fukteigenskapar i sandsteinsreservoar med spesiell fokus på ”Low salinity flooding”.

Internasjonalt senter
Forskingssenteret Corec er eit samarbeidsprosjekt mellom Universitetet i Stavanger (UiS), forskingsstiftinga IRIS og ConocoPhillips som operatør for Ekofisk, Eldfisk og Tor (utvinningsløyve 018).

Føremålet er primært å auke utvinninga av olje i Ekofisk-området og andre felt på norsk sokkel. Senteret vart etablert i 2002 med ein tidshorisont på ti år.

Opprettinga av senteret vart i si tid finansiert av ConocoPhillips (utvinningsløyve 018) med ti millionar kroner per år. Finansieringa er auka til 20 millionar kroner per år, mellom anna med midlar frå andre industripartnarar og Noregs forskingsråd. Forskinga ved senteret har vore sentral for aukinga av utvinningsgraden på Ekofisk.

Senteret har og i sterk grad bidrege til å styrke oljeforskinga ved UiS, og det var også eit viktig bidrag til at den tidlegare høgskulen kunne søke om universitetsstatus. Det er mellom anna oppretta eit professorat innan auka oljeutvinning til senteret.

Byggjer kunnskap
I tillegg har aktiviteten gjort det mogleg å engasjere doktorgradsstipendiatar, postdoktorstipendiatar og hovedfagstudentar knytt til senteret. Det vil seie at den samfunnsmessige nytteverdien av senteret går langt ut over det primære målet om å auke oljeutvinninga i Ekofisk-området.

Gjennomførte og pågåande prosjekt spenner frå grunnforskingsprega prosjekt til prosjekt med meir direkte feltbruk. Begge delar byggjer opp kunnskap og kompetanse og er viktig for den langsiktige ressursutnyttinga.

Doktorgradstudentar, professor II-stillingar og eit stort tal vitskaplege artiklar er ein del av biletet. Fram til sommaren 2010 hadde Corec stått for nær 90 vitskaplege publikasjonar.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (08.06.2011)

Skriv ut artikkel print symbol