Lydopptak av bokpresentasjon med Nils Rune Langeland


Nils Rune langeland presenterte si nye bok "Europa : Ei krossferd" på tysdag. Presentasjonen blei teken opp, så dersom du gjekk glipp av han, eller vil høyre han om att, er dette mogleg.

Nils Rune Langeland presenterte si nye bok "Europa : Ei krossferd" i universitetsbiblioteket 31. mai. Det var bra frammøte på denne presentasjonen, det er tydeleg at mange finn Langeland sine analyser og essays interessante. Forskningsdirektør Helge Ole Bergesen hadde ei kort innleiing før Langeland slapp til, og han deltok også aktivt i diskusjonen etter sjølve presentasjonen.

Det er ei reisebok Langeland har skrive. Ho er ein slags oppfølgjar til "Noreg" frå 2008. Den gongen reiste Langeland berre rundt i sitt eige land for å møte folk og finne ut korleis ting heng saman, denne gongen har han utvida nedslagsfeltet sitt. Finansiert av organisasjonen Fritt Ord reiste han rundt i heile Europa i tre månader i strekk, noko han ikkje legg skjul på var ei påkjenning. Resultatet av dette harde reiseprogrammet er boka "Europa : Ei krossferd".  For å sitere forlaget sin presentasjon av boka: "I spissformulerte, spirituelle og høgst subjektive essay gjev han riss av dei utopiske og visjonære draumane åt eit heilt kontinent, og me anar at det går ei uviss, multikulturell framtid i møte."

I tillegg til å snakke generelt om boka las Langeland eit heilt kapittel høgt for dei som var til stades. Dette kapittelet, som handlar om Langeland sitt opphald i Amsterdam, er litterært svært sterkt, og det vart godt motteke av publikum.

Boka har fått gode meldingar, mellom anna i Dagens Næringsliv og Dag og Tid.

Podcast på Youtube
Du kan høyre presentasjonen ved å klikke på biletet under her.





iTunes
Presentasjonen er og tilgjengeleg for lytting og nedlasting i iTunesU. Klikk her for å koma til ei oversikt over dei bokpresentasjonane bibliotek har lagt ut, og klikk på "View in iTunes". Du kjem då inn i iTunes. Klikk på nummeret til den presentasjonen du vil høyre på (som på biletet under), då starter han. 


           


Sist oppdatert av John David Didriksen (03.06.2011)

Skriv ut artikkel print symbol