Ein million til samarbeid med HSH


Kunnskapsdepartementet støttar samarbeidet mellom Universitetet i Stavanger og Høgskolen Stord/Haugesund med ein million kronar.

Det går fram av ei pressemelding frå departementet i dag.

I alt 27,9 millionar kronar er fordelt til ulike samarbeidsprosjekt for å auke kvaliteten innan høgre utdanning. Fire millionar går til SAK (Samarbeid-Arbeidsdeling-Konsentrasjon)  i ingeniørutdanninga, resten er løyvingar til konkrete samarbeidsprosjekt.

I den samanhengen har Kunnskapsdepartementet merka seg samtalane om nærare samarbeid som går føre seg mellom UiS og HSH. Ein million kronar skal bidra til utvikling av samarbeidet.

– Det er mange spennande og viktige samarbeidsprosjekt på gang, og eg er glad for å kunne støtte opp under desse med ekstra midlar, seier statsråd Tora Aasland i pressemeldinga frå KD.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (24.05.2011)

Skriv ut artikkel print symbol