Musikk og debatt om Dylan i Folken


UiS Debatt markerer Bob Dylans 70-årsdag, tysdag 24. mai. Da blir det først debatt og deretter konsert i Folken. Tema for debatten: Er Dylan overvurdert?

Erling Aadland frå Universitetet i Bergen er hovudinnleiar og skal snakke om tekstane mens Rudy Garred fra Universitetet i Stavanger skal ta for seg kvaliteten på artistens musikk og song.

Svein Tuastad, også han frå UiS, vil snakke om Dylan som politisk tenkjar.

Debatt kl 18
Konferansier er kulturjournalist Jan Zahl frå Stavanger Aftenblad. Musikar og journalist Øyvind Berekvam leiar debatten.
Kvelden er todelt: Klokken 18.00 startar debatten, som er gratis.

Deretter vert salen tømd, og ein må ha billett for å vera med på kveldens andre del, som er ein konsert med Dylan-songar. Kjøp billett her.

Konsertprogrammet:
20:00-21:00 Viseklubben tolkar Dylan. Her deltek Henrik Pedersen, Gudmund Rydning, Kjetil Ottesen og Dag Sindre Vagle.

21:15-22:15 Rockemusikarar frå Stavanger tolkar Dylan. Her deltek Reidar Larsen, Eric 'Slim' Zahl, Glenn Lyse, Tormod Eikill, Pete Johansen, Gunnar Engen, Øyvind Berekvam, Anita Bekkeheien, Ole Alexander Mæland og Olav Larsen med band.

UiS og Aftenbladet
UiS Debatt er Universitetet i Stavanger sitt offisielle diskusjonsforum. Debattane blir arrangerte i samarbeid med Stavanger Aftenblad.

Etableringa av UiS Debatt er eit uttrykk for at universitetet vil engasjere seg enda meir i viktige samfunnsspørsmål. UiS satsar på formidling av forsking, og alle debattane på Folken skal være forankra i fagmiljø ved Universitetet i Stavanger.


Sist oppdatert av (18.08.2011)

Skriv ut artikkel print symbol