Europa-bok frå Langeland


Finst Europa? Historikar og flanør Nils Rune Langeland ved Universitetet i Stavanger finn det i møte med britiske og berlinske pubgjester, interrailturistar, EU-byråkratar, greske strandgigoloar og latviske kvinner på jakt etter vestleg kjærleik. Korleis møta arta seg kan du lese i boka "Europa. Ei krossferd", som kjem ut på Aschehoug forlag.

Langeland reiser frå Orknøyane, via Paris og spanske tyrefektararenaer, til Jalta, Jerusalem og Istanbul.

I spissformulerte, spirituelle og høgst subjektive essay gjev han riss av dei utopiske og visjonære draumane åt eit heilt kontinent, og me anar at det går ei uviss, multikulturell framtid i møte: «Meir og meir går det opp for meg at Europa i djupaste forstand er ein mental ekstremtilstand.»

Les meir i Univers nr. 2 2011.


 


Sist oppdatert av (16.05.2011)

Skriv ut artikkel print symbol