Til minne om Cato Wadel


Tidligere professor i antropologi ved UiS, Cato Wadel, døde 21. april, 75 år gammal. Bisettelse blir fredag 29. april klokka 14 fra Søyland kapell i Flekkefjord. Her kan du lese gode kollegaers og venners minneord over Cato Wadel.

Professor Cato Wadel døydde 21. april, 75 år gammal. Han var magister i sosialantropologi frå Universitetet i Bergen, 1966. Før han i 1984 kom som forskingsleiar ved Rogalandsforsking, og seinare professor ved Universitetet i Stavanger, hadde han stillingar og engasjement ved Memorial University of Newfoundland, Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø, Norges Fiskerihøgskole og Institutt for samfunnsforskning.

Cato Wadel sin artikkel frå 1977, “Hva er arbeid”, er med på lista som Norsk Sosiologforening tidlegare i år presenterte over dei 25 beste og mest vesentlege norske sosiologiske tekstane. Artikkelen er ein grunnleggande refleksjon om ’arbeid’ som aktivitet og omgrep. Wadel undra seg over at så mykje sosialt nyttig aktivitet korkje er ein del av økonomisk eller folkeleg forståing av arbeid. Vesentlege verdiskapande daglege gjeremål, særleg slike som kvinner tek ansvar for, fell utafor sysselsettingsstatistikken. Wadel ville oppgradere breie felt av innsats som til vanleg ikkje blir kalla arbeid, og som såleis vert lite verdsett.

Det var eit fagleg program for Cato Wadel å gi innhald til ”hverdagslivets sosiologi”. Han inviterte gjerne kollegaer inn under mottoet: ”Vi bør gjøre mer sosiologi ut av sånne småting som vi elles ikke gjør noe med!” Raust lytta han til det andre ville presentere av tilsynelatande naive og trivielle observasjonar og erfaringar. I møte med sosiologien kunne vi skjøne det kjente på nye måtar. Ved at han inviterte medarbeidarar til å legge lokale og personlege røynsler og perspektiv inn i det empiriske og analytiske tilfanget, føydde kollegafellesskap og vennskap seg nært saman i samtalar og byte av tekstar med Cato. Sosialantropologen Cato Wadel opna for ”feltarbeid i egen kultur”.

Sosiologar vekslar gjerne mellom aktør- og systemforklaringar. Cato Wadel meinte at vi både i daglegliv og i faglege analysar burde legga meir vekt på samspelet mellom menneske. Samhandling kan skjære seg, men det er óg i det skapande samspelet at 1+1 kan verte meir enn 2. ”Vi er best sammen.”

Wadel viste stor respekt for godt vitskapleg arbeid. Men han lytta gjerne til råd om korleis faglege tekstar kunne nå utover grensene for akademia. Og han gav honnør til kona Nøva for ideane om korleis han skulle skrive fagboka ”Now, Whose Fault is That?”, slik at den kunne nå ut til eit breiare publikum.

Wadel hadde gjort feltarbeid på Newfoundland, med eigen familie som nære naboar til den delvis arbeidsuføre tømmerhoggaren George og hans familie. Alle samfunnsfagsstudentane i Stavanger frå dei siste 25 åra, og frå mange fag ved andre universitet, har vorte kjende med den sosiale kompetansen George utvikla i arbeidet for å halde ved like sjølvrespekten også etter at han vart sett utafor lønna yrkesliv. George er Norges mest kjente nøkkelinformant.

Mange norske samfunnsvitarar minnest med glede korleis det å ha Cato Wadel som veiledar eller kollega som las tekstutkast, gav retning og framdrift i faglege arbeid. Han kunne vise grenselaust tolmod med dei som brukte lang tid. Og han hadde meir enn vanleg store evner til å vise glede når andre fekk det til. Familie, vener og kollegaer kjenner tomromet etter Cato. Professor Cato Wadel har ein plass i norsk samfunnsforskings historie.

Erik Fossåskaret
Otto Laurits Fuglestad
Andreas Hompland


Sist oppdatert av Silje Stangeland (28.04.2011)

Skriv ut artikkel print symbol