Styret vedtok nybygg og ph.d.-program


Universitetsstyret vedtok i dag å setje i verk planane om eit nybygg for SV-fakultetet. Her er dei viktigaste vedtaka frå dagens møte.

Universitetsdirektøren sitt forslag om å reise eit bygg for Samfunnsvitskapleg fakultet med blant anna eit auditorium til 650 personar, blei vedteke i dag.

Av dei 3000 kvadratmetrane som blir frigjort i Kjølv Egelands hus, skal 2000 nyttast til studentføremål.

Styret seier seg positive til å delta i vidare arbeid med utviklingsplanar for Ullandhaug.

Plan for campus
I tillegg til universitetsdirektøren sine forslag, la styrerepresentantane Fredrik Skår og Gunnar Dyrseth la fram tre tilleggsforslag. Dei blei vedtekne med nokre modifikasjonar.

I dei nye punkta går det fram at det skal leggjast fram ein heilskapleg plan for framtidige utbyggingar på campus, inkludert ein plan for å utvida området i sørleg retning. Styret ber om å få ein sak om dette i løpet av hausten 2011.

Der skal det også gjerast ein vurdering av korleis ein kan dekke universitetsbiblioteket sine arealbehov.

Styret ber i tillegg om at plassering av bygning for betonglabben ved TN-fakultetet vert avklara så snart som mogleg og at detaljplanlegging av eit slikt bygg startar umiddelbart etterpå.

Ny ph.d.
Styret vedtok også å etablere ein ny doktorgrad i samfunnsvitskap. Den vil ha fire spesialiserte studiar: Risikostyring og samfunnstryggleik, Helse og medisin, Leiing, økonomi og reiseliv og Sosiologi, sosialt arbeid og kultur og samfunn.

Tilsette Marnburg og Ravndal
Det blei gjort to tilsettingar på SV-fakultetet. Einar Marnburg skal ta over dekanstillinga til Marit Boyesen frå 1. mai til ein permanent dekan er tilsatt. Bjarte Ravndal fekk ny åremålsperiode som instituttleiar på Handelshøgskolen ved UiS.

I saka om vurdering av prosessuelle tilhøve rundt tilsetjingssaker, vedtok styret at dei forventar at alle involverte i slike sakar respekterar retningslinene styret har satt. Styret tek rektor og direktøren sine vurderingar av prosessen til orientering. Styret ber også den neste leiinga ved UiS om å forberede ein sak om problemstillingane som er kome fram, som skal leggjast fram for styret i neste periode.

Dei andre sakane på kartet blei vedteke med små eller ingen endringar.


Sist oppdatert av Silje Stangeland (08.04.2011)

Skriv ut artikkel print symbol