Studentopera med hjelp frå italienske proffar


Songstudentane ved Universitetet i Stavanger har profesjonell assistanse i alle ledd når dei framfører Monteverdis ”Poppea” førstkomande fredag, laurdag, og søndag i Lille konsertsal i Bjergsted.

- ”Poppea” reknast som ein av dei største og beste operaene. Den er eit meisterverk, fastslår Bettina Smith, som er mezzosopran og førsteamanuensis ved UiS.

Profesjonelt apparat
I tillegg til dei erfarne songlærarane Smith og professor Elizabeth Norberg-Schulz, er det henta inn krefter frå europeiske operahus som gjer ”Poppea” til ein studentproduksjon av særs høg kvalitet.

- Elizabeth Norberg-Schulz og eg har invitert vener og kjende frå våre kontaktnett i utlandet til å komme til Stavanger. Prøvetida er litt kortare enn i ein profesjonell produksjon og det gir sjølvsagt nokre utfordringar. Men dei eksterne kreftane er handplukka nettopp fordi dei er vande med å arbeide med unge songarar, fortel Smith.

Ho opplyser at prøveperioden for alvor starta i februar under leiing av coach Felice Venanzoni frå Frankfurt-operaen, men songlærarane starta sitt arbeid med studentane ved Institutt for musikk og dans (IMD) allereie før jul. Etter at regissør Caterina Panti Liberovici kom på plass i Stavanger for tre veker sidan, har det vore øva intensivt.

Orkesteret leiast av dirigent Ruben Jais frå Verdi-orkesteret i Milano. Konsertmeister Gianfranco Ricci er tilknyta same orkester. Orkestreringa er tidstypisk for Monteverdi, med cembalo, lut og orgel, forutan vanlege strykeinstrument. Førsteamanuensis Lise Øzgen ved IMD spelar cembalo og Vegard Lund spelar lutt, slik han også gjorde då ”Poppea” blei satt opp ved Den Norske Opera. Grazia Dicanio er til vanleg italiensklærar for songstudentane. I denne oppsettinga er ho i tillegg regiassistent.

Monteverdi sitt siste verk
”Poppea” var Claudio Monteverdi sin siste opera, og mest sannsynleg hans siste verk. Den reknast som ein av dei viktigaste operaene frå fyrste halvdel av 1600-talet, basert på historiske hendingar. Handlinga er sett til Roma i midten av fyrste hundreår, og dreier seg om forholdet mellom den romerske keisaren Nero og Poppea Sabina, og klatringa hennar mot makta sine tindar.

Alle studentane får synge
Det var det rike utvalet av rollar som gjorde at songlærarane Norberg-Schulz og Smith valde nettopp denne Monteverdi-operaen. Alle, frå avgangsstudentar og nedover, får synge i oppsettinga. Då det ikkje var fleire songarar å velje mellom, måtte det kuttast ei rolle. Dermed er også lengda korta litt ned frå dei opphavlege fire timane.

- Studentane får på denne måten ein smakebit av operaverda og lærar korleis alt i ein profesjonell prøvetid går føre seg, seier Smith.

Operaen spelast i Lille konsertsal, Bjergsted:
Fredag 25. mars kl. 19.30
Laurdag 26. mars kl. 19.30
Søndag 27. mars kl. 15.00


Billetter selgast i døra (vaksne 200 kr, Aftenbladkort 150 kr, studentar/born 100 kr)

Poppea: Wibeke Wetaas
Nerone: Tone Kummervold
Octavia: Maria Steinsvik
Ottone: Iva Mrvoš
Drusilla: Jana Jovanovic
Amore: Inger Torill Søyland Narvesen
Arnalta: Jose Gorroxategui Polo

Songstudentar, strykarar og dansarar frå Institutt for musikk og dans/UiS

Dirigent: Ruben Jais
Konsertmester: Gianfranco Ricci
Lutt: Vegard Lund
Cembalo: Lise Øzgen
Regi: Caterina Panti Liberovici
Regiassistent: Grazia Dicanio
Coach: Felice Venanzoni
Songlærarar: Elisabeth Norberg Schulz og Bettina Smith

 


Sist oppdatert av (24.03.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilde fra Prøve
Regissør Caterina Panti Liberovici instruerar studentane ved Institutt for musikk og dans ved UiS.
Bilde frå ein prøve
Ruben Jais (t.h.) er til vanleg dirigent i Verdi-orkesteret i Milano. Her saman med UiS-student Vegard Bakke frå ein prøve.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER