Lovar fleire pokalar


UiS Volley overleverte i dag nok eit trofé i universitetet si varetekt, etter at dei sikra eit nytt seriemeisterskap på søndag.

– Pass godt på pokalen. Eg lovar at det kjem fleire, sa sportsleg leiar Torgeir Vølstad og overrekte den graverte glaskuppelen til prorektor Egil Gabrielsen.

Han svara med å fortelje kor stolt UiS er over jentene, som i fleire år har vore Noregs klårt beste volleyballag.

– Det einaste som uroar meg, er at vi må utvide universitetet sitt gåve- og blomsterbudsjett, sa prorektor Gabrielsen.

Stolt kaptein
I fyrste rekkje av dei som mottok heider i dag, står lagkaptein Robyn Devlin. Den kanadiske toppspelaren kom i fjor til Stavanger frå danske Holte, der ho også var med på å vinne serien.

– Eg kom til UiS Volley fordi eg hadde høyrt kor gode dei var. Dette har vore ein spanande og veldig suksessrik sesong, seier Devlin.

Sterkare band
UiS Volley har no vunne to serie- og eitt cupmeisterskap. Nytt av året er at dei to siste kampane blei spela i SiS sportssenter på campus. UiS Volley håper å få dette som sin permanente heimearena.

– At vi no spelar her oppe styrkjer banda til universitetet er viktig, både for oss sjølve og sponsorane våre, seier styreleiar Dag Myrestrand.

Les også:

Seriepokalen til UiS Volley


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (22.03.2011)

Skriv ut artikkel print symbol