Gründerskole for alle


Helene Risti Bergaas, Gry Hjorteland og Sunniva G. Marchioro Ystad jobbar med ein forretningsplan for eit tannhelseimplantat. Gjennom Gründerskolen håper dei tre studentane på kjekke opplevingar for livet.

- Det er travle dagar. Vi skal lage ein forretningsplan og analysere ein idé vi har fått frå Prekubator. Og vi har berre tre veker på oss, fortel Helene Risti Bergaas, som studerer endringsleiing ved UiS.

Vil til Venture Cup
Dei tre studentane jobbar med eit implantat innan tannhelse, som dei vil ta vidare til Venture Cup. Då må dei levere forretningsplanen innan 3. april.

Ideen dei skal vidareutvikle har dei fått frå Prekubator, som er universitetet sitt Technology Transfer Office. Ifølgje dei tre studentane er det mange som ikkje er klar over at dei kan få idear frå Prekubator - om dei ikkje har ideane klare sjølve.

- Vi skal sjå på korleis dette produktet kan rette seg mot marknaden og om produktet vil kunne overleve på sikt, fortel Sunniva G. Marchioro Ystad, som for tida tek master i internasjonal hotell- og reiselivsleiing.

- Det er mange som trur du må ha ein eigen idé for å gå på Gründerskolen. Men Gründerskolen er ikkje berre for dei som vil bli gründerar, den er for alle, seier ho.

Til Boston og San Fransisco
Til sommaren skal dei tre pakke kofferten og sette seg på flyet til USA. I regi av Gründerskolen skal dei vere tre månader i ein bedrift i oppstartsfasen. Det blir også travle dagar.

- Vi skal jobbe i bedriftene og ha fulle arbeidsdagar. Vi skal på speeddating med bedriftene og bli matcha, fortel Gry Hjorteland, som skal til Boston.

Sunniva og Helene skal til San Fransisco. I tillegg til å jobbe skal dei studere.

- Det blir spennande å få vere student ved så anerkjente universitet som Berkeley og Boston. Vi kommer til å lære mykje om det å få ein bedrift til å fungere. Også får vi internasjonal erfaring og blir kjent med ein annan kultur, seier Helene.

Trend i tida?
Om det blir gründerar av dei tre til slutt, er dei usikre på.

- Det er tøft å starte med helt blanke ark. Min plan er heller å vere i bransjen nokre år og heller gi rettleiing til andre som vil starte opp, seier Sunniva og held fram:

- Det kan virke som det er ei trend i tida å kalle seg gründer. Men også dei som ikkje føler seg som ein gründer kan søke Gründerskolen. Du får i alle høve nyttige erfaringar for livet, seier ho.

Universitetslektor Ola Barkved ved Handelshøgskolen ved UiS er klar på at studentane som tek Gründerskolen får igjen for arbeidet på mange plan.

- Mange av bedriftene ønskjer å halde kontakten med studentane etter opphaldet deira og mange får også tilbod om jobb. Med Gründerskolen på CV-en blir dei i alle høve attraktive på jobbmarknaden, seier han.

Les meir om Gründerskolen


Sist oppdatert av Silje Stangeland (18.03.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Studentane Sunniva G. Marchioro Ystad, Helene Risti Bergaas og Gry Hjorteland
SKAL TIL USA: UiS-studentane Sunniva G. Marchioro Ystad, Helene Risti Bergaas og Gry Hjorteland ser fram til å jobbe hjå bedrifter i oppstartsfasen til sommaren. Dei satsar også på å delta i Venture Cup.
Om Gründerskolen

Gründerskolen er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire universitet og nokre høgskolar i Noreg.

Programmet koordinerast av Senter for entreprenørskap ved Universitetet i Oslo.

Studiet Gründerskolen gir 30 studiepoeng og er godkjent for støtte frå Lånekassen.

Stadane studentane kan velje å reise til er mellom anna San Francisco, Boston og Johannesburg. 

Les meir på www.grunderskolen.no