Torsdagsseminar: Aroniabær til bruk mot urinvegsinfeksjonar


Eit pågåande forskingsprosjekt tar opp dei positive helseeffektane aroniabær kan ha. 10. februar kan du høyre Rune Slimestad halde foredrag om temaet.

Delar av den amerikanske urbefolkninga har tradisjonelt brukt aroniabær eller svartsurbær mot infeksjonar eller forkjøling. I nyare tid har planten blitt innført i Europa. Eit pågåande forskingsprosjekt rettar merksemd mot innhaldsstoffa i desse bæra og dei potensielle helseeffektane dei kan ha. Bæra kan særskilt bli brukt mot urinvegsinfeksjonar og luftvegsinfeksjonar. 10. februar held dr. scient. Rune Slimestad foredraget ”Aroniabær til bruk mot urinveisinfeksjoner?” Han er tilsett ved PlantChem, Rogalands Landbrukssenter, Særheim.

Foredraget er opent for alle interesserte.

Tid: Torsdag 10. februar kl. 14:15
Sted: Rom A-204 i Kjølv Egelands hus på UiS
 


Sist oppdatert av (08.02.2011)

Skriv ut artikkel print symbol