Nytt prosjekt med fokus på undervisningskvaliteten ved UiS


Undervising i høgare utdanning har i stor grad vore den enkelte læraren sitt ansvar og mange har nok opplevd seg åleine med å førebu, gjennomføre og evaluere undervisinga. Prosjektet Universitetspedagogikk (Uniped) tar mål av seg om å auke merksemda om verdien av god undervising og gi støtte til lærarane ved UiS.

Uniped-prosjektet blei etablert 1. desember 2010. Hovudmålsetjingane er nettopp å sette fokus på verdien av god undervisning. Prosjektet skal medverke til at det vitskaplege personalet ved UiS skal vidareutvikle kvaliteten i undervisninga, utvikle ny kunnskap om læring og undervisning i høgare utdanning og byggje lokale, nasjonale og internasjonale faglege nettverk som er opptekne av undervisning i høgare utdanning.
Styringsgruppa for prosjektet er leia av prorektor Egil Gabrielsen. Gruppa er vidare samansett av prodekanane for undervisning, utdanningsdirektøren, direktøren ved Det humanistiske fakultet, to studentrepresentantar og ein representant frå Uniped si faggruppe.

Prosjektleiar er Eilef J. Gard, som koordinerar arbeidet saman med phd-kandidat Dag Husebø og førsteamanuensis Vegard Moen. I tillegg har kvart institutt sin eigen Uniped-representant som skal bidra til at kommunikasjonen mellom fagmiljøa og Uniped-prosjektet blir ivaretatt.

Arena for tilsette og studentar
Gard er tydeleg på at det trengs fleire arenaer der tilsette og studentar kan diskutere undervisning og læring ved UiS. Han fortel at responsen frå deltakarar på ulike Uniped -kurs tyder på at det både er nyttig og svært viktig å dele undervisningserfaringar med andre med tanke på å kunne betre undervisningskvaliteten.

- Uniped-prosjektet er forankra i tanken om at undervising også er institusjonen sitt ansvar, ikkje berre læraren sitt. Uniped skal tilby arenaer der dei kan dele erfaringar og få tips til eiga undervising. Det er viktig med engasjement frå studentane,. Eit samarbeid mellom aktørane på UiS er viktig for å skape gode læresituasjonar , seier Gard.

Ber om innspel
Frå midt på 90-talet har det vore arrangert fleire 100 timars kurs i universitetspedagogikk. Prosjektet vil vidareføra desse kursa samtidig som det vert arrangert kortare kurs ut frå behov som blir spela inn.

- Uniped tar gjerne i mot forslag om kurs og gode tiltak som kan setjast opp. I tillegg prøver Uniped-prosjektet ut eit mentorprogram i samarbeid med UiA. Dette går ut på å gi nytilsette universitetslærarar ein erfaren rettleiar det fyrste året å diskutere undervisning med, opplyser Husebø.

Uniped-prosjektet tar sikte på å utvikle miljø på tvers av institutta og fakulteta og mellom lærarar og studentar, der kompetanse i både undervising og læring vert samla og gjort tilgjengeleg for andre gjennom gode eksempel, felles refleksjon og utprøving av nye læringsmetodar.

- God undervisning må innehalde variasjon og eit mangfald av metodar som vert tekne i bruk på ein måte som samsvarar med det som er målet for læringa. Det handlar ikkje om undervising eller læring men undervising og læring, og der må vera eit samspel mellom lærarar og studentar for å utvikle god undervisning, seier Gard.

Les meir på Unipeds nettsider
 


Sist oppdatert av (03.02.2011)

Skriv ut artikkel print symbol
Dag Husebø og Eilef J. Gard i Uniped-prosjektet tar gjerne i mot forslag frå tilsette og studentar om kurs og gode tiltak som kan gi enda betre undervising.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER