Mest effektive på forsking


UiS har dei mest produktive forskarane av alle norske universitet, i fylgje ei ny offentleg oversikt.

Rankingen målar kor mykje forsking det einskilde universitet eller høgskole publiserer i høve til kor mykje offentlege pengar dei får til forsking. Oversikten reknar med forsking frå både norske og internasjonale databasar.

– Hyggeleg lesing
På indikatoren for norske publikasjonspoeng er Universitetet i Stavanger klart best i Noreg. Tek ein med både norsk og internasjonal publisering, er UiS best av universiteta og nummer tre totalt.

Berre Høgskulen i Narvik og Noregs idrettshøgskule får meir ut av dei offentlege forskingsmidlane enn Universitetet i Stavanger.

– Dette er hyggeleg lesing for oss. Resultata skyldast flinke forskarar på UiS og sterk satsing på forsking dei siste åra, seier rektor Aslaug Mikkelsen.

Offentleg utval
Den nye produktivitetsrankingen er laga av det såkalla Fagerberg-utvalet, som vart sett ned av forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland i fjor.

Utvalet er leia av professor Jan Fagerberg ved Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved Universitetet i Oslo. Han la fram førebelse tal for LOs forskingspolitiske konferanse like før helga.

Tala gjeld både nasjonal og internasjonal publisering av forsking i løpet av 2009. Fagerberg-utvalet har for øvrig lagt ut presentasjonen på nettsidene deira.

10 på topp
Aftenposten laga i går ein samanstilling basert på snittet av dei tre indikatorane utvalet har brukt. Då får ein denne Topp 10-lista:
1. Høgskulen i Narvik
2. Noregs idrettshøgskule
3. Universitetet i Stavanger
4. NTNU
5. Universitetet i Oslo
6. Noregs veterinærhøgskule
7. Universitetet i Tromsø
8. Universitetet for miljø- og biovitenskap
9. Høgskolen i Molde
10. Universitetet i Bergen
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (31.01.2011)

Skriv ut artikkel print symbol