Yrkesmesse for sjukepleiarstudentar


Fredag 21. januar frå klokka 10 til 12 skal det vere yrkesmesse for sjukepleiarstudentar i Kjell Arholms hus. Samarbeidspartnarar frå arbeidslivet vil presenterer seg, og studentane kan sjå seg om etter jobbar.

Tredjeårsstudentar på sjukepleiarutdanninga har praksis både i kommunane, på private sjukeheimar og ved Stavanger Universitetssjukehus. No kjem praksisfeltet til UiS for å vise kva jobbar dei kan tilby når studentane er ferdige.

God møtestad
– Dette er ein god moglegheit både for studentane og dei potensielle arbeidsplassane til å møtast og få kontakt med tanke på rekruttering og læringsmoglegheiter, seier Sigmund Slaattebræk, praksiskoordinator ved Institutt for helsefag.

Institutt for helsefag har hatt denne yrkesmessa sidan årtusenskiftet, som eit supplement til andre fagmesser. Og tilbakemeldingane har vore gode. Arbeidsplassar har fått nye søkjarar, og nokre studentar har fått avtalar om jobb når dei er ferdige. Fleire arbeidsplassar har også fått vikarar.

For alle årstrinn
– I tillegg til at avgangskullet får delta, er timeplanen lagt opp slik at også første- og andreårsstudentar får moglegheit til å komme, seier Slaattebræk.

– Vi har fått mange tilbakemeldingar om at dei som deltek både har hatt eit faglig og eit sosialt utbytte av å ta del på yrkesmessa. Praksisfeltet er ein viktig samarbeidspartner for UiS og vi set stor pris på den moglegheita vi har til å gå saman om eit slikt treffpunkt, seier han.

Som tidligare år vil yrkesmessa finne stad i øvre del av amfiet i Kjell Arholms hus.


Sist oppdatert av Ida Gudjonsson (29.04.2014)

Skriv ut artikkel print symbol
Yrkesmessa for sjukepleiarstudentar i 2010
KOMANDE SJUKEPLEIARAR JAKTAR JOBB: Under yrkesmessa for sjukepleiarstudentar vil samarbeidspartnarar frå arbeidslivet presenterer seg, og studentane kan sjå seg om etter jobbar. Her frå yrkesmessa i fjor.
Yrkesmessa for sjukepleiarstudentar i 2010
TRANGT OM PLASSEN: Mange fann vegen til yrkesmessa for sjukepleiarstudentar i fjor.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER