Publiseringsstønad frå Forskingsrådet


No er tida inne for å søkje Forskingsrådet om stønad til trykking, omsetting og språkvask av bøker innafor humaniora og samfunnsvitskap. Fristen for å søkje er 16. februar.

Forskingsrådet ønskjer å medverke til at viktige forskingsresultat frå humanistiske og samfunnsvitskaplege fag blir publisert i vitskaplege kanalar av høg kvalitet. Ein stor del av forskinga innafor desse fagfelta er retta mot historiske, sosiale og kulturelle problemstillingar i Noreg og Norden. Forskingsrådet gjev derfor stønad til sentrale norske vitskaplege tidsskrift og til utgjeving av bøker på etablerte norske akademiske forlag.

Tre gong i året utlyser Forskingsrådet publiseringsmidlar. 16. februar 2011 er fristen for å søkje om midlar til trykking og prøveomsetting av bøker, samt omsetting og språkvask av artiklar antatt til internasjonal publisering innafor humaniora og samfunnsvitskap.

Dei andre to fristane ein kan merkje seg er:
8. juni for stønad til nasjonale vitskaplege tidsskrift.
31. august for stønad til produksjon- dvs. trykking, omsetting og språkvask av bøker.

Sjå utlysingsteksten i sin heilskap på Forskingsrådet sine sider.


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (06.01.2011)

Skriv ut artikkel print symbol