UiS Pluss kursar engelsklærarar


Randaberg kommune gir engelsklærarane eit kompetanseløft, og har saman med UiS Pluss utvikla eit kurs som skal gi enda flinkare engelsklærarar.

Marianne Kahrs, rådgjevar for skulane i Randaberg kommune, fortel at det var skulane sjølve som kom med ønsket om å auke kompetansen.

- Det var etter gjennomgang av nasjonale prøver at vi så at vi hadde eit forbetringspotensiale i engelsk . Vi valte difor no å rette fokus mot dei lågaste klassetrinna. Først laga vi ein utviklingsplan med definerte satsingsområde i samarbeid med rektorane. Deretter kontakta vi UiS Pluss og samarbeida om å utvikle eit vidareutdanningstilbod, seier Kahrs.

Kommunen trengte partnar
Ho fortel at skulane generelt sett har gode rutinar for oppfølging av nasjonale prøvar og kartleggingstestar med tanke på tiltak . Men med tanke på vidareutdanningstilbod til lærarane, var det naturleg å ta kontakt med UiS for eit mogleg samarbeide.

UiS Pluss-kurset ”Engelsk didaktikk” gir 15 studiepoeng, med moglegheit for å byggje på med 15 studiepoeng til totalt 30 poeng. Deltakarane har jobba med eit fagleg innhald med vekt på eit didaktikk- og pedagogikkopplegg som er utvikla av universitetslektor ved Institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk ved Universitetet i Stavanger.

Nøgde studentar
Tilbakemeldingane på førelesar, kursinnhald og organisering er svært bra, ifølgje midtvegsevalueringa. Heile 27 av 32 deltakarar har fullført kurset og levert alle obligatoriske oppgåver.

- Dette er svært bra med tanke på at det er tidkrevjande å studere når ein i tillegg har full jobb og familie, seier Kahrs.

Fleksible løysingar
Fungerande direktør i UiS Pluss seier at dei er fullt klar over at denne typen kurs ofte kjem i tillegg til mykje anna.

- Difor vil vi tilby fleksible løysingar. Vi legg opp til eit effektivt studielaup, men studentane skal få tid til å gjennomføre kurset. Målet har vore å skape lærelyst og iver for engelskfaget, fortel Hegelstad.

Opent for fleire kommunar
Frå Randaberg kommune deltek 13 engelsklærarar. Kurset har også hatt deltakarar frå kommunane Sola, Sandnes, Hjelmeland, Strand og Finnøy. Kahrs fortel at dei, forutan engelsk, håper at det vil bli mogleg å gi lærarar tilbod på tilsvarande kurs i andre fag . UIS Pluss og Randaberg kommune er allereie i gang med å sjå på dette.

Det forberedast no til dei neste 15 studiepoenga i engelskkurset, der læreplanen vil innehelde element som ikkje før er teke i bruk i didaktikkundervising i Noreg.

- Fokus på didaktikk i dei lågaste trinna i skulen er kjempeviktig. Det er her innlæringa av det grunnleggjande i språket skjer, seier Hegelstad.

Les meir om etter- og vidareutdanning på nettsidene til UiS Pluss


Sist oppdatert av (07.01.2011)

Skriv ut artikkel print symbol