Lydopptak av bokpresentasjon med Jan Erik Karlsen


Jan Erik Karlsen presenterte boka "Carpe futurum!" på tysdag, med kommentar av sjefsøkonom Klaus Mohn. Presentasjonen blei teken opp, så dersom du gjekk glipp av han, eller vil høyre han om att, er dette no mogleg.

Jan Erik Karlsen, professor i leiing ved UiS, gav ein god presentasjon av boka si på tysdag. Han snakka om framsynsleiing og framtidsforsking. Å danna bilete av framtida er interessant, men kan og vera provoserande og litt skremmande for enkelte. Metodiske framsynsanalyser kan stimulere til kreativ tenkning om teknologiske og sosiale løysingar på vegen inn i framtida. Ved å lage bilete av framtida kan ein planleggja, slik at ein kan bruke dei ressursane ein har til rådigheit på best mogleg måte.

Klaus Mohn, sjefsøkonom i Statoil, sa at han hadde blitt inspirert av å lese denne boka, sjølv om han hadde enkelte innvendingar. Han driv sjølv ein del med å prøve å forutsjå moglege utviklingstrekk som vil ha betydning for Statoil i sitt daglege arbeid, og han valde å ta utgangspunkt i dette i sin kommentar til boka. Det å få denne meir praktiske innfallsvinkelen til dagens tema førte til ein god samtale mellom forfattar og kommentator, med påfølgjande spørsmål og innspel frå salen.


Podcast
Du kan høyre presentasjonen ved å klikke på lenkja under. Presentasjonen med kommentarar varer i ca. 37 minuttar.

HØYR JAN ERIK KARLSEN SIN BOKPRESENTASJON HER


iTunes
Presentasjonen er og tilgjengeleg for lytting og nedlasting i iTunesU. Klikk her for å koma til ei oversikt over dei bokpresentasjonane bibliotek har lagt ut, og klikk på "View in iTunes". Du kjem då inn i iTunes. Klikk på nummeret til den presentasjonen du vil høyre på (som på biletet under), då starter han. 

     


Sist oppdatert av John David Didriksen (10.12.2010)

Skriv ut artikkel print symbol