Foredrag om fellesgode og regional verdiskaping


Rektor og dr. philos Dag Jørund Lønning ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringarv held foredrag onsdag 8. desember, kl. 18.00 på Arkeologisk museum, kafeen.

I innlegget vil Dag Jørund Lønning drøfta korleis natur- og kulturbaserte fellesgode og ressursar kan danna basis for regionale verdiskapingsstrategiar. Føresetnaden er langt breiare tilnærmingar og målsetjingar enn dei som dominerer i dagens debatt om regional utvikling.

Ord som ”produktutvikling” og ”varemerke” har blitt dominerande metaforar for kva lokal utvikling dreier seg om i vår tid. Lønning vil ta eit kraftig oppgjer med desse metaforane, og byggja opp ei alternativ forståing av lokal/regional endring og nyskaping tufta på kollektiv inkludering, alternative og til dels konkurrerande blikk/perspektiv, og – viktigast – den menneskelege frie leiken med det naturlege, sosiale og kulturelle ressursgrunnlaget.

Viktige teoretiske føringar for innlegget er henta frå mellom andre Heraklit, Nietzsche og Pirsig sine prosessuelle forståingar av verda som endring, og det empiriske grunnlaget er snart 15 års arbeid med forskings og utviklingsarbeid innanfor småsamfunn i Noreg, Europa og i fleire land i sør.

Dag Jørund Lønning er sosialantropolog frå UiB (1994), og dr. philos frå Universitetet for Miljø og Biovitskap, 2007. Avhandlinga drøftar nyskaping og ”det nye” som sosiale, kulturelle og økonomiske tema i norske bygdesamfunn.

Lønning er rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdenæringar på Jæren. Han har tidlegare vore forskar ved CMI, stiftar av og fagleg leiar for Senter for natur- og kulturbasert nyskaping ved Telemarksforsking-Bø, direktør ved Norsk senter for bygdeforskning og seniorforskar ved Nordlandsforskning.
 


Sist oppdatert av (02.12.2010)

Skriv ut artikkel print symbol