1,7 millioner kroner til vindprosjekt


Universitetet i Stavanger og StormGeo har fått 1,7 millionar kroner til å forske på vindturbinar til havs.

Det er staten, via Regionalt forskningsfond Vestlandet, som har tildelt midlane.

Professor Ove Tobias Gudmestad og stipendiat Siri Kalvig er svært glade for tildelinga. Dei er opptekne av korleis vindmøller til havs bør konstrueras, installeras og haldas ved like.

– Vi må forstå vinden og bølgjene betre. Vi må finne ut korleis vi skal byggje solid nok og finne nye løysingar som er rimelegare. Vi må også få eit godt system som gjer det mogleg å varsla når det er naudsynt å stengje turbinane, seier professor Ove T. Gudmestad.

– Havet er terreng
I dette prosjektet samarbeidar han med værtenesteleverandøren StormGeo. Det er her Storm-gründer Siri Kalvig kjem inn. I tillegg til å vere ein av meteorologane i StormGeo, forskar ho til doktorgraden ved UiS. 

– Det er ikkje slik at det er enklare å vedlikehalde vindturbinane til havs enn til lands. Havet er ikkje eit flatt underlag, som mange trur. Havet er også eit terreng, og der hav og himmel møtest er det mykje turbulens. Vinden påverkar havet, og bølgjene påverkar vinden. Dette skal vi finne meir ut av, fortel Kalvig.

Ser potensial
Seniorforskar Nina Winther er StormGeo sin representant i samarbeidet.

Forskingsminister Tora Aasland var til stades under tildelinga i førre veke. Ho sa at vindkraft til havs har stort potensial som fornybar energikjelde og at ho synest samarbeidet mellom StormGeo og UiS er veldig spanande.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (30.11.2010)

Skriv ut artikkel print symbol