Regjeringa gir 5,5 millionar kroner til utstyr


Statsråd Tora Aasland hadde med seg ei gåve da ho vitja UiS i går. Regjeringa gir universitetet 5,5 millionar kroner ekstra til vitskapleg utstyr.

– Dykk har gjort ein veldig god jobb og teke nokre tøffe prioriteringar. Det har vi lagt merkje til i Oslo, sa Aasland.

Ministeren for forsking og høgare utdanning understreka at pengane kan disponerast fritt.

– Eg veit dykk har ei lang liste av gode føremål dei kan brukast til, men det er opp til dykk sjølve korleis løyvinga skal brukast, sa Aasland.

Få som får
Ho presenterte gåva på eit møte med toppleiinga på UiS i går ettermiddag.

Løyvinga kjem som ein del av salderinga av statsbudsjettet for 2010 og blir vedteke i statsråd komande fredag. Utanom UiS er det berre NTNU og Universitetet i Agder som får ekstra midlar til utstyr.

Rektor Aslaug Mikkelsen set stor pris på gåva.

– Det er god mon i desse pengane. Når vi skjønar at ikkje alle får slike midlar no, vert eg enda meir takksam. Dette er ei påskjøning som kjem på toppen av eit godt år for forskinga ved UiS, seier Mikkelsen.

Vil støtte forsking
At UiS er inne i ei krevjande omstillingsprosess gjer løyvinga enda meir kjærkomen.

Statsråden kommenterte at dei nye universiteta i Stavanger og Agder er i ferd med å bygge opp infrastruktur for auka forskingsaktivitet ved institusjonane. Aasland understreka at ho ynskjer å støtte denne prosessen.

Investeringar i vitskapelig utstyr er på mange fagområde avgjerande for å kunne drive forsking av høg kvalitet.

– Eg vil svært gjerne vere med på å byggje Universitetet i Stavanger vidare opp, seier Aasland.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (17.11.2010)

Skriv ut artikkel print symbol