Arbeidstilsynet har undersøkt UiS


Arbeidstilsynet har studert arbeidstilhøva ved Universitetet i Stavanger. Den viser at dei aller fleste er engasjerte og trivs ved UiS, men opplever utfordringar med aukande produksjonskrav.

Når det gjeld forbetringar, har Arbeidstilsynet varsla to pålegg. Det eine er at verneomboda må få ei meir sentral rolle i HMS-arbeidet på universitetet. Det andre er at HMS-arbeid må sterkare inn i omstillingsprosessar, slik som det pågåande prosjektet Balansert omstilling for utvikling (Bofu).

– Vi tek Arbeidstilsynets merknader til etterretning og ser ikkje noko som skulle hindre oss i å gjere dei endringane som tilsynet ber om. Arbeidsmiljøet i Bofu-prosessen er allereie eit tema i den sentrale handlingsplanen for HMS på UiS, seier personaldirektør Halfdan Hagen.

Nasjonal undersøking
Undersøkinga er del av den nasjonale satsinga ”Arbeid og helse”, der både offentlege og private føretak har vore granska. Alle universitet i landet er med i undersøkinga, med unntak av Universitetet i Oslo som har hatt ei eiga undersøking tidlegare.

Ved UiS har rundt 40 tilsette på to fakultet (Humanistisk og TekNat) blitt intervjua. Utvalet er i all hovudsak vitskapeleg tilsette, inkludert verneombod og instituttleiarar.

Arbeidstilsynet seier dei har blitt teke godt i mot og at dei tilsette har vore særs opne i samtalane.

Stort engasjement
Undersøkinga viser at dei tilsette i stor grad trivs med å arbeide på Universitetet i Stavanger, og at dei blir i organisasjonen over tid. Engasjementet på arbeidsplassen er stort og omsynet til studentane er ein viktig motivasjonsfaktor.

Ifølgje undersøkinga melder dei UiS-tilsette om ein kvardag prega av læring, utvikling, fleksibilitet og fridom.

Dei største utfordringane dei tilsette melder om, er sterkare krav til produksjon og inntekter. Fleire melder om at det blir dårleg plass til forsking i arbeidstida, og at denne delvis blir gjort på fritida. Dette er ei kjend problemstilling i sektoren generelt.

Felles utfordringar
Eit anna funn er at leiarar ikkje får nok tid til å prioritera HMS-arbeid i kvardagen. Eit individualistisk yrke som forskar kan også til tider verke einsamt.

– Konklusjonane frå Arbeidstilsynet si undersøking stemmer veldig godt med det vi veit frå før, men det er godt å få inntrykka bekrefta frå nokon eksterne. Dei utfordringane som tilsynet peiker på, er velkjende i universitets- og høgskulesektoren, seier universitetsdirektør Per Ramvi.

Vil du vite meir? Les heile rapporten frå Arbeidstilsynet (pdf, 86 kb).


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (16.11.2010)

Skriv ut artikkel print symbol