Matematikaranes emigrasjon frå Europa under nazitida


Torsdag 28. oktober kjem matematikar og matematikkhistorikar Reinhard Siegmund-Schultze frå Universitetet i Agder til Torsdagsseminaret i naturvitskap på Universitetet i Stavanger. Då vil han snakke om matematikaranes emigrasjon frå Europa under nazitida, med vekt på dei som flukta til Skandinavia.

Foredraget finn stad klokka 14.15 i rom A-204 i Kjølv Egelands hus.

– Matematikaranes emigrasjon frå Europa under nazitida signaliserte eit ugjenkalleleg og viktig historisk skifte i den internasjonale matematikken, seier matematikkprofessor Reinhard Siegmund-Schultze til forskning.no.

I boka Mathematicians Fleeing from Nazi Germany. Individual Fates and Global Impact beskriver Siegmund-Schultze flukta til meir enn 140 matematikarar. Han skildrar også årsaka til at dei flykta, dei politiske og økonomiske implikasjonane det hadde, og om mottakinga dei fekk i dei ulike landa dei kom til. Han ser òg på kva dette hadde å seie for matematikkens utvikling.

Skandinaviske impulsar
På foredraget han skal halde på Universitetet i Stavanger, vil han leggje vekt på emigrasjonen til Skandinavia. Han vil blant annet vise at nokre av dei yngre emigrantane, så som Willy Feller, som vart påverka av Harald Cramér i Stockholm, og Werner Romberg, som skifta beite frå fysikk til matematikk i norsk eksil, hadde nokre viktige år i Skandinavisk eksil som var avgjerande for deira seinare karriere.

Siegmund-Schultze er sjølv matematikar og har matematikkhistorie som spesialfelt. Han er frå det tidlegare Øst-Tyskland, mista jobben då Tyskland vart samla i 1989, og kom til Kristiansand i 2000.

– Tyskland tapte en generasjon av vitskapsmenn. Eg ønska å gå tilbake til fortida for å byggje ei bru til notida, seier Siegmund-Schultze.
 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (27.10.2010)

Skriv ut artikkel print symbol