Dilemma innan kvalitativ samfunnsforsking


Førsteamanuensis Turid Rødne ved UiS held foredrag onsdag 27 . oktober 2010, kl. 18.00 i kafeen på Arkeologisk museum.

Foredraget vil dreie seg om utfordringar og dilemma innan kvalitativ samfunnsforsking, utfordringar som er skapte og stadig vert haldne ved like gjennom metodeopplæring og forskingspraksis innan akademia som institusjon. Dette er ein institusjon som blant mange emne også skal lære studentar opp i kvalitativ metodologi og metodebruk. Dei skal sosialiserast til å bli fritenkjande, kreative, sjølvstendige forskarar. Men denne sjølvstendige forskaren erfarer også at feltet sine stadig meir strukturerte premisser set rigide rammer for fagleg arbeid. Når desse premissene er fragmenterte, eklektiske og spriker i ulike retningar, skaper dette usikre studentar og forskingsrekruttar. Den kvalitative forskaren lever stadig med utfordringa det er å skal bli evaluerte etter nokre premiss dei ikkje har kontroll med, og som det vanskeleg let seg gjere å forstå i sin komplekse heilskap. Desse dilemma og til dels indre motsetningar kjem til uttrykk i studentane og forskarar si oppleving av usikkerhet i deira posisjonering mellom metodologiske retningar og i anvendte metodeval.

Foredraget vil omhandle problematiske utfordringar som gjeld det å setje saman, designa og gjennomføre kvalitative forskingsprosjekt. Det vil også vise til samanhenger i akademia som legg til rette for at desse utfordringane stadig er der.


Sist oppdatert av (21.10.2010)

Skriv ut artikkel print symbol