Støtte frå Regionalt forskingsfond


To forskingsprosjekt ved Universitetet i Stavanger har fått støtte frå Regionalt forskingsfond Vestlandet på inntil 200 000 kroner. Dei to forprosjekta høyrer til humanistisk fakultet og tek for seg integreringspolitikk og interkulturelt arbeid.

Prosjektet ”Regional integreringspolitikk og praksis: Kunnskapsstatus og utviklingsmuligheter - Rogaland som case” er leia av Geir Skeie ved institutt for kultur og språkvitskap ved UiS. Prosjektet er eit såkalla forprosjekt som skal utvikle seg til eit større hovedprosjekt med sikte på ny søknad neste år.

I prosjektet skal problemstillingar som oppstår i møtet mellom det offentlege og innvandrar- og minoritetsgrupper drøftast, anten det gjeld mottak og busetting, barn og unge si deltaking i barnehage, skule og sivilsamfunn, vidaregåande utdanning og vaksen-, norsk- og morsmålsopplæring, offentleg sysselsetting og kompetanse eller velferdstenester.

Prosjektet er eit samarbeid mellom UiS, IRIS og Senter for Interkulturell kommunikasjon.

Drama som brubyggjar
Prosjektet ”Fra innvandrer til medborger - interkulturelt arbeid knyttet til dramaundervisning og forskning ved Universitetet i Stavanger”, er det andre forprosjektet ved UiS som har fått støtte. Prosjektet er leia av Anna Songe-Møller ved institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk ved UiS og er eit samarbeid med Høgskolen i Oslo (HiO).

Prosjektet har to hovudmålsettingar som er å arbeide med teaterforma "De undertryktes teater" (DUT) som reiskap for myndiggjering av innvandrarar og å arbeide med "De undertryktes teater" for å kvalifisere dramastudentar til yrkesutøving i det fleirkulturelle samfunnet.

Prosjektet er knytt til dramastudiet på UiS og studiet i praktisk pedagogisk utdanning ved HiO. Innvandrarar, deira lærarar, læringssentre i Oslo, Stavanger og Sandnes og Dale asylmottak er med som samarbeidspartnarar.

Støtte til IRIS
Dei to prosjekta ved UiS har fått støtte som forprosjekt. I tillegg har tre prosjekt ved International Research Institute of Stavanger (IRIS)fått same type støtte.

Dei tre prosjekta frå IRIS er:

  • ”Utvikling av regional bedriftsdatabase for studier av regionalt næringsliv og omstillinger”
  • “Systems-based failure analysis and maintenance optimization for offshore wind farms”
  • “Modelling environmental and socioeconomic effects of climate changes and man-made pollution on aquaculture: focus on Rogaland local communit”

Innovasjonsforsking
IRIS har også fått støtte til eit regionalt offentleg prosjekt om det vestlandske innovasjonssystemet i ein global økonomi. Prosjektet er eit samarbeid med Senter for innovasjonsforsking.

Les meir om vedtaka om støtte frå Regionalt forskingsfond Vestlandet
 


Sist oppdatert av Silje Stangeland (15.10.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Geir Skeie
Geir Skeie har fått støtte til eit forprosjekt om møtet mellom det offentlege og innvandrar- og minoritetsgrupper.
Anna Songe-Møller
Anna Songe-Møller har fått støtte til eit forprosjekt om interkulturelt arbeid knytta til dramaundervising og forsking ved UiS.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER