Bli med på årsfest ved UiS 29. oktober


Studentar, tilsette og anna publikum er inviterte til årsfest i Tjodhallen, fredag 29. oktober kl. 13.00. Det blir seremoni med promosjon av doktorar, festtalar, prisutdeling og underholdning. Meld deg på no!

Universitetet i Stavanger feirar sin bursdag den 29. oktober kvart år. Da inviterar universitetet til flott seremoni i Tjodhallen. Blant høgdepunkta er promosjon av doktorar, festtalar og utdeling av Lyse si forskingspris. I tillegg vert det storslagen underhaldning av Institutt for musikk og dans.

I etterkant av seremonien blir det forfriskingar og kake i foajeen utafor.

Årsfesten er open for noverande og tidlegare studentar, tilsette og andre interesserte. Meld deg på her dersom du vil vere med på arrangementet.

Dato: fredag 29. oktober
Tid: kl. 13:00 - 14:30
Sted: Tjodhallen, Kjølv Egelands hus

Program:

13:00 Prosesjon

Tale ved rektor Aslaug Mikkelsen

Helsingstale ved Morten Rønne, nestleiar i StOr

Festtale ved teatersjef Arne Nøst, Rogaland Teater

Promosjon av doktorar

Utdeling av Lyses forskingspris

Prosesjon

Kunstnarlege innslag ved Institutt for musikk og dans

14:30 Kake og kaffi

 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (13.10.2010)

Skriv ut artikkel print symbol