Drømmen om vingård


Eit nytt nummer av UniverS er no ute. Her kan du få råd om kva du skal gjere om borna dine vert utsett for digital mobbing. Her kan du òg lese om muggsopp med jetlag og draumen om vindruer på Ullandhaug samt meir nytt frå forskings- og utdanningsmiljøa på Ullandhaug.

Eksternmagasinet UniverS inneheld stoff om forsking og undervisning og andre aktivitetar ved Universitetet i Stavanger. Bladet formidlar også forsking frå IRIS.  

I denne utgåva kan du til dømes lese om Helge Jørgensen ved Norsk hotellhøgskole (NHS) som har ein draum om å dyrke vindruer. I dag står nærare tre hundre drueplantar og strekkjer seg ivrig mot sollyset på ei av markene til den økologiske garden på Ullandhaug, like ved Universitetsområdet.

Saman med gartnar Sigurd Emil Garstad viser Jørgensen studentane i detalj korleis drueplantane skal skjærast og bindast opp.

– Kunnskapen er lettare å ta til seg når vi får ta del, seier Nicole Gola som tek ein bachelor i hotell- og reiselivsleiing.

Les pdf.-utgåva av UniverS nr. 3 2010.

Sopp, terror og digital mobbing
Det er ikkje berre menneske som er styrte av døgnrytmar. Organismar så enkle som muggsopp er òg regulerte av eit indre urverk. Med å studere raud brødmuggsopp kan vi lære meir om korleis vår eiga indre klokke verkar. Biokjemikar Ingunn W. Jolma tek oss med inn i sopp-laboratoriet på side 12.

Ein doktorgradsstudie ved Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging legg fram analyser om korleis Politiets sikkerheitsteneste og Forsvaret framstiller terrorisme og terrortrussel i media. Stipendiat Sissel Jore meiner tiltaka mot terror aukar myndigheitenes makt på kostnad av innbyggjarane sin fridom.

Digital mobbing blant unge aukar i omfang. No trengs det eit nettgrep, meiner to forskarar ved UiS. Stipendiat Tove Flack ved Senter for atferdsforsking og Arne Olav Nygard ved Lesesenteret har fleire gode råd for å unngå digital mobbing blant unge.

UiS-profilar
Ein tidlegare dekan og professor ved Norsk hotellhøgskole er portrettert i denne utgåva av UniverS. Stressmeisteren Reidar Mykletun er ikkje sjølv ein meister i å stresse, men ein meister på fagområdet stress. Sjølv stressar han ned blant anna med å køyre motorsykkel.

Du kan òg lese om den internasjonale studentleiaren ved UiS som opphavleg kjem frå Bangladesh og har vakse opp i ein SOS-barneby. I dag er han engasjert i korleis integrere norske og utanlandske studentar på best mogleg vis.
 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (04.03.2013)

Skriv ut artikkel print symbol
Forside UniverS nr. 3 2010
EKSTERNMAGASIN: UiS sitt eige eksternmagasin kjem ut fire gonger i året og er laga av Strategi- og kommunikasjonsavdelinga ved UiS. Magasinet blir også lagt ut på campus slik at tilsette og studentar kan lese bladet.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER