Festar forsking til film


Med kamera har dei dokumentert miljøforsking på Madagaskar. Turid Borgen og Hallgeir Skretting har fotfulgt UiS-professor Torleiv Bilstad på hans reiser for å gi rettleiing til gassiske doktorgradskandidatar innan miljøteknologi.

Universitetet i Stavanger samarbeider med Universitetet i Tulear på Madagaskar for å utdanne mastergrads- og doktorgradsstudentar innanfor vann- og miljøteknologi. Samarbeidet er støtta og finansiert av Nasjonalt program for utvikling, forsking og utdanning (NUFU).

Videodokumentasjonen av prosjektet, som no er tilgjengelig på Universitetet i Stavanger sine heimesider, er støtta av Utenriksdepartementet.

Filmane vil også kunne sjåast på UiS sin eigen Youtube kanal

Dårleg drikkevatn
- Det er viktig at folk får vite om prosjekt som dette. Vi blei med for å dokumentere prosessen og det Universitetet i Stavanger og regionen gjer for Madagaskar, seier førsteamanuensis Turid Borgen ved institutt for medie-, kultur og samfunnsfag ved UiS, som saman med førsteamanuensis Hallgeir Skretting tidligare har laga fleire dokumentarfilmar frå Madagaskar for NRK.

Filmsnuttane som no er lagt på nett, viser mellom anna korleis forholda på Madagaskar er og kva utfordringar befolkinga har når det kjem til reint drikkevann.

- Vatnet på Madagaskar kan ikkje drikkast, samtidig som vatn er ein av dei viktigaste ressursane landet har, seier prosjektleiar og professor Torleiv Bilstad ved institutt for matematikk og naturvitskap ved UiS.

Meir enn forsking
På nettstaden kan studentar, forskarar og alle som er interessert i bånda som er knytt mellom Stavanger og Madagaskar, sjå filmar og lese om NUFU-samarbeidet, om doktorgradsprosjekta og om andre delar av nord-sør-samarbeidet.

På nettstaden kan du mellom anna sjå korleis det vi i Noreg kallar søppel, har stor gjenbruksverdi på Madagaskar. Skuleelevar og politikarar frå Stavanger og vennskapsbyen Antsirabe har besøkt gjennvinningsstasjonen på Sele. Og du kan også sjå korleis dei to fotballaga, Viking frå Stavanger og Jirama frå Antsirabe, knyter band.

- Det er både historiske og nåtidige band mellom dei to byane. Både innanfor idrett, utdanning, kultur, miljø og turisme er det mange koblingar, fortel Hallgeir Skretting, som sjølv har forska på dei mange misjonsfilmane som blei laga på Madagaskar frå slutten av 30-talet og fram til 60-talet.  

Smittande entusiasme
Dei to produsentane synest det har vore interessant å jobbe så tett på og saman med Torleiv Bilstad og hans forskingsarbeid. Saman har dei tre brukt mykje av si fritid på prosjektet som dei har gode opplevingar og erfaringar frå.

- Torleiv har eit pågangsmot og ein entusiasme som smittar. Vi er glade for å få vere med å dokumentere eit viktig arbeid, seier Borgen, som håper å få filme den fyrste disputasen i prosjektet til neste år.

- Gjennom å hjelpe nokon få, så hjelper vi mange, seier Bilstad, som håper NUFU-prosjektet kan bidra til meir bærekraftig forskingsbasert utdanning i sør.

Sjå filmane på dei nye Madagaskar-sidene ved å klikke deg inn på www.uis.no/madagaskar eller via forskingssidene til Energi og miljø på www.uis.no!


Sist oppdatert av Silje Stangeland (29.09.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Torleiv Bilstad, Turid Borgen og Hallgeir Skretting
PÅ KRYSS OG TVERS: Dei samarbeidar på tvers av fakultet og på tvers av kloden. Torleiv Bilstad ved teknisk-naturvitskapleg fakultet og Turid Borgen og Hallgeir Skretting ved samfunnsvitskapleg fakultet har reist til Madagaskar fleire gonger for å feste forsking til film.
Yves Mong og Hallgeir Skretting
DER DET SKJER: Med kamera forevigar Hallgeir Skretting kva doktogradskandidat Yves Mong gjer i si forsking. Mong forskar på kva stoffer som forureinar innsjøen Ranomafana i sentrum av Antsirabe på Madagaskar.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER