Ny utgåve av ”Modern Well Design”


”Modern Well Design” gir ei A til Å-beskriving av korleis du designar ein oljebrønn. – Målet med å skrive boka har vore å lage best mogleg lærestoff for studentane. Boka kan også komme til god nytte for praktiserande ingeniørar og geologar, seier forfattar Bernt Aadnøy.

Boka ”Modern Well Design” gjer ein framstilling av korleis planlegging og design av oljebrønnar kan forbetrast.

– Ho startar med å ta opp geologiske prosessar som er relevante for brønndesign. Det er til dømes kunnskap om dei ulike bergartane. Så tar boka for seg sjølve brønnkonstruksjonen heilt fram til produksjonen startar. Eg er opptatt av heilskapen i prosessen, seier Bernt Aadnøy, leiar for Institutt for petroleumsteknologi.

Andreutgåva av ”Modern Well Design” blei gitt ut 15. september. Boka kom ut for fyrste gong i 1996. No har ho blitt utvida og revidert.


For studentar, geologar og ingeniørar

Målgruppa til ”Modern Well Design” er studentar og praktiserande ingeniørar og geologar. Boka er pensum på faget Brønnteknologi, som er obligatorisk for alle som tar master på Institutt for petroleumsteknologi.

– Målet med å skrive boka har vore å lage best mogleg lærestoff for studentane. Boka kan også komme til god nytte for praktiserande ingeniørar og geologar. Eg ville skrive ei bok som dekka brønnforståing godt, seier Aadnøy.

Han meiner boka også kan være nyttig for tilsette i vareproduserande industri i gass- og oljebransjen i regionen.

– Boka kan gi betre forståing for bruksområda til teknologien dei produserer. Det er viktig med god innsikt i arbeidet produkta skal brukast i, seier Aadnøy.

”Modern Well Design” er tinga av bokhandelen SiS Bok, og kjem i november.

Les meir om ”Modern Well Design”.
 


Sist oppdatert av (27.09.2010)

Skriv ut artikkel print symbol
Bernt Aadnøy
Boka kan komme til god nytte for geologar og ingeniørar i gass- og oljebransjen i Stavanger, meiner Bernt Aadnøy.
Bokomslaget til "Modern Well Design"
”Modern Well Design” blei fyrst publisert i 1996. No er ho ute i ny og revidert utgåve.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER