Eit verkty for å ta avgjerder


Har du vanskeleg for å bestemme deg? Den ferske boka ”Making Good Decisions” tilbyr verkty for korleis du kan ta gode avgjerder.

– Vær forsiktig med å stole på magekjensla, rår Reidar Bratvold, professor ved Institutt for petroleumsteknologi ved Universitetet i Stavanger. Saman med Steve Begg, professor ved Australian school of Petroleum, the University of Adelaide, har han skrive boka ”Making Good Decisions”.


Val basert på intuisjon

– Mange vel å lytte til magekjensla i komplekse og emosjonelle val. Intuisjon har appell. Det er raskt, lett og krev ingen djup analyse å følgje intuisjonen, seier Bratvold.

Diverre kan det å lytte til intuisjonen resultere i dårlege avgjerder, meinar han. I 2002 blei Nobelprisen i økonomi gitt til psykolog Daniel Kahneman. Han har mellom anna jobba med teoriar for avgjerder under usikkerheit. Kahneman er ein av mange forskarar som har demonstrert at avgjerder basert på intuisjon i mange situasjonar kan være dårlege. Bratvold si forsking peker i same retning.

– Vi gjer ofte dårlege val når vi baserer dei på intuisjonen. Viss vi skal definere eit godt val, kan vi seie at det er eit val som er konsistent med preferansane, verdiane, alternativa og informasjonen vi har. Val basert på intuisjon er ofte inkonsistente med desse elementa, seier Bratvold.


Å lytte til magekjensla

I nokon tilfelle kan du likevel tene på å lytte til magekjensla.

– Når du står overfor val du har mykje og god erfaring med, er intuisjonen vår ofte god. Han blir øvd opp over tid. Altså kan det ha noko for seg å lytte til intuisjonen når du har gjort mange liknande val før, seier Bratvold.
Boka er tilpassa olje- og gassbransjen. Dei fleste døma som tas opp er henta derifrå.

– Om du har jobba mykje med oljeboring i Nordsjøen, vil du til dømes ha god intuisjon når det kommer til det. Tar du med erfaringane dine til arbeid med djupvannsboring i Iran, vil intuisjonen være dårlegare, seier Bratvold.


Personlege val

I tillegg til å diskutere døme som er henta frå olje- og gassbransjen tar boka opp eksempel på personlege val.

– Prinsippa er like relevante i personlege som i profesjonelle avgjerder, seier Bratvold.

Døme på val frå olje- og gassbransjen i boka er ”Skal vi bore ein pilotbrønn?”, ”Skal vi utføre eit reservoarsimuleringsstudium?” eller ”Skal vi inngå ein ny ingeniør- eller borekontrakt?”. Døme på personlege val er karriereval, kjøp av bustad eller val av feriedestinasjon. Boka tilbyr metodar for korleis du gjer gode avgjerder.


Til god nytte for industrien

Bratvold trur industrien i Stavanger-regionen kan få god nytte av boka. Han skal halde fleire kurs om det å ta avgjerder, mellom anna for ExxonMobil, Shell, BP Norge, BG Group, ENI Norge og Statoil. Boka vil dessutan bli pensum på masterkurset ”Decision Analysis” på Institutt for petroleumsteknologi. ”Making Good Decisions” kan bestillast gjennom Society of Petroleum Engineers. Boka vil også tas inn på SiS Bok.


Sist oppdatert av (27.09.2010)

Skriv ut artikkel print symbol