Norske lokalaviser i fulltekst på internett


Avisdatabasen Library PressDisplay utvider stadig sitt utval. Den tilbyr no blant anna fleire norske lokalaviser, til glede for ansatte og hybelbuande studentar som vil følgje med på kva som hender der heime.


Universitetsbiblioteket starta abonnement på Library PressDisplay i januar 2010. På det tidspunktet inneheldt basen litt under 1000 aviser i fulltekst. Sidan den gongen har antalet stege til over 1500. Fleire nye land og språk har vorte inkluderte i basen, men det som kanskje er mest interessant for norske studentar og ansatte er at antalet norske aviser har stege betrakteleg, slik at Pressdisplay i dag tilbyr fulltekst tilgang til 18 norske aviser.

Dei norske avisene i Library PressDisplay:

  • Aftenposten Aften
  • Aftenposten 
  • Dagbladet
  • Drammens Tidende
  • Fredriksstad Blad
  • Gjengangeren
  • Haugesunds Avis
  • International Herald Tribune
  • Laagendalsposten
  • Moss Avis
  • Østlandets Blad
  • Østlendingen
  • Sandefjords Blad
  • Stavanger Aftenblad
  • Telen
  • Wall Street Journal Europe
  • Tønsbergs Blad
  • Varden

Ein får tilgang til kvar enkelt tittel 60 dagar tilbake. Eit utval av avisene kan ein også få lese opp.

I motsetnad til vanlege nettaviser gir PressDisplay tilgang til absolutt alt som står i papirutgåva av avisa, som for eksempel kommentarstoff, mindre nyheiter, notisar og annonser. Ved å bruke PressDisplay går ein ikke glipp av noko.

Library PressDisplay inneheld ei rekkje moglegheiter for å søkje etter nyheiter og stoff om det ein er interessert i. Denne interaktive demonstrasjonen gir eit lite innblikk i kva basen kan by på.


Les meir om Library PressDisplay.


Sist oppdatert av Hildegard Nortvedt (20.09.2010)

Skriv ut artikkel print symbol